2 Drøftingane med organisasjonane om regulering av grunnbeløpet
Staten har i drøftingane med Norsk Pensjonistforbund, Landsorganisasjonen i Noreg og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon teke utgangspunkt i retningslinjene for regulering av pensjonistane sine inntekter som Stortinget vedtok 28. mai 2003, jf. Innst.S. nr.223 (2002-2003) og Stortinget si handsaming av trygdeoppgjeret i 2003.
Ut frå retningslinjene vil reguleringa av grunnbeløpet i 2004 vere samansett av:
justering for eventuelle avvik (etterslep) mellom venta inntektsutvikling frå 2002 til 2003 lagt til grunn ved reguleringa av grunnbeløpet i fjor og faktisk utvikling i same periode.
regulering av grunnbeløpet i høve til venta inntektsutvikling frå 2003 til 2004.
vurdering av om det er grunnlag for å ta omsyn til «særlege tilhøve».
Stortinget la i trygdeoppgjeret 2003 til grunn ei lønsutvikling frå 2002 til 2003 for lønstakarar i alt på 4,4 prosent etter korreksjon for verknaden av lærarpakke II som Stortinget såg på som særlege tilhøve.
Rapporten frå Beregningsutvalget av 31. mars 2004 har rekna lønsveksten for alle lønstakarar under eitt til 4½ prosent frå 2002 til 2003. Korrigert for verknaden av lærarpakke II gjev dette ein lønsvekst på 4,4 prosent frå 2002 til 2003. Det svarar til det som vart lagt til grunn i Stortinget i trygdeoppgjeret i 2003. Det var i drøftingane semje om at det difor ikkje er grunnlag for etterslepskompensasjon frå 2002 til 2003.
Ved trygdeoppgjeret i 2003 vart det gjeve etterslepskompensasjon på 0,6 prosent for 2001 og 0,5 prosent for 2002. I Regjeringa sitt tilbod til organisasjonane er overhenget frå 2003 til 2004 korrigert for etterslepskomponentar som låg inne i oppgjeret for 2003. Dette gjer at inntektsutviklinga frå 2003 til 2004 ikkje vert påverka av denne etterslepskompensasjonen. Korrigeringa svarar til ein reduksjon av overhenget frå 1,6 prosent til 1,25 prosent.
Det er ikkje funne grunnlag for å korrigere venta lønsvekst frå 2003 til 2004 som følgje av «særlege tilhøve».
Under følgjer staten sitt tilbod og organisasjonane sine krav i trygdedrøftingane 2004.
Staten sitt første tilbod:
Regjeringen tilbyr en vekst i grunnbeløpet fra 2003 til 2004 på om lag 3,8 %. Dette betyr en økning i grunnbeløpet per 1. mai 2004 med kroner 1 843 fra kroner 56 861 til kroner 58 704.
Til grunn for tilbudet ligger:
Retningslinjene for regulering av folketrygdens grunnbeløp vedtatt av Stortinget 28.mai 2003.
Ingen etterslepsregulering fra 2003.
Overhenget fra 2003 til 2004 korrigeres for etterslepskomponenter som lå inne i oppgjøret for 2003 (henholdsvis 0,6% og 0,5%). Dette gjør at inntektsutviklingen fra 2003 til 2004 ikke påvirkes av denne etterslepskompensasjonen. Korrigeringen svarer til en reduksjon av overhenget fra 1,6% til 1,25%.
På bakgrunn av at mange av lønnsoppgjørene som er sluttført i år, har hatt en ramme for årslønnsveksten på om lag 3½ % mener staten at dette også bør legges til grunn også for reguleringen av folketrygdens grunnbeløp.»
På kvelden 27.05.04 la staten fram eit justert tilbod:
«Regjeringen tilbyr en vekst i grunnbeløpet fra 2003 til 2004 på 3,89 %. Dette betyr en økning i grunnbeløpet per 1. mai 2004 med kroner 1 917 fra kroner 56 861 til kroner 58 778 og svarer til en årslønnsvekst på 3,55% fra 2003 til 2004.
For øvrig vises til forrige tilbud.»
Organisasjonane sine krav:
«1. Regulering av grunnbeløpet
Organisasjonene krever at grunnbeløpet oppreguleres slik at pensjonistene får en årslønnsvekst på 3,75 prosent. Dette er Regjeringens eget anslag for årslønnsvekst for alle grupper fra 2003 til 2004, slik det fremkommer i Revidert nasjonalbudsjett for 2004.
2. Etterregulering av grunnbeløpet
Organisasjonene viser til Innst.S. nr. 223 (2002-2003) Innstilling fra sosialkomiteen om vurdering av retningslinjene for trygdeoppgjøret, der det blant annet fremkommer at
«Siktemålet for reguleringa skal vere å gi pensjonistar med folketrygdpensjon ei inntektsutvikling minst på linje med utviklinga for yrkesaktive».
Videre viser organisasjonene til at grunnbeløpet i forbindelse med trygdeforhandlingene i 2003 ble oppregulert slik at pensjonistene fikk en årslønnsvekst på 4,4 prosent. I følge Rapport nr. 1, 2004 fra Det tekniske beregningsutvalget for inntektsoppgjørene var lønnsveksten for alle grupper fra 2002 til 2003 på 4,5 prosent.
På denne bakgrunn mener organisasjonene at det ikke foreligger noe etterslep fra 2003. Det fremmes derfor ikke krav om etterregulering av grunnbeløpet.
3. Den historiske etterreguleringen
Organisasjonene vil vise til at grunnbeløpet nærmest systematisk er blitt underregulert siden Folketrygden ble innført i 1967. Organisasjonene har derfor i trygdeforhandlingene funnet det rimelig å fremme krav om etterregulering av det historiske etterslepet til grunnbeløpet.
Organisasjonene har imidlertid valgt å vise moderasjon ved årets forhandlinger, og velger derfor ikke å fremme krav om etterregulering av det historiske etterslepet.
Organisasjonene vil imidlertid understreke at det etter organisasjonenes syn foreligger et historisk etterslep, som det ved seinere anledninger vil kunne bli stilt krav om etterregulering av.
4. Samlet krav
På bakgrunn av det ovenstående fremmer organisasjonene et samlet krav om oppregulering av grunnbeløpet fra 1. mai 2004, slik at pensjonistene får en årslønnsvekst på 3,75 %.»
Protokollane frå møtet 6. mai og frå drøftingane 26. og 27. mai 2004 følgjer som vedlegg til proposisjonen.
Regjeringa la stor vekt på at ein i trygdeoppgjeret i år skulle kome fram til ein avtale med pensjonistane sine organisasjonar.
I drøftingane vart staten, Norsk Pensjonistforbund og LO samde om ein auke av grunnbeløpet i folketrygda. Staten og dessa organisasjonane vart og samde om at den modellen som staten hadde lagt til grunn ved utrekninga av verknadene på veksten i G frå 2003 til 2004 av etterslepskompensasjonen frå 1.mai 2003, skulle leggjast til grunn.
Staten, Norsk Pensjonistforbund og LO vart samde om å auke folketrygda sitt grunnbeløp med kr. 1 917 frå kr. 56 861 til kr. 58 778. Dette gjev ein auke i gjennomsnittleg grunnbeløp frå 2003 til 2004 på 3,89 prosent.
Pensjonen for dei einslege minstepensjonistane vil auke med kr. 3 444 pr. år til kr. 105 408 pr. år. For eit minstepensjonistektepar aukar pensjonen med kr. 9 048 pr. år til kr. 190 248 pr år. Utrekninga tek omsyn til at grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,8 G til 0,825 G frå 1. mai 2004. Utviklinga i pensjonistane si inntekt som gruppe er vist i tabell 4.1.
Regjeringa meiner at tilbodet som staten, Norsk Pensjonistforbund og LO vart samde om, er i godt samsvar med Stortinget sine retningslinjer for G-reguleringa og Stortinget si handsaming av etterslepsspørsmålet i 2003. Regjeringa registrer at Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon i sin protokoll har ei anna tolking av korleis ein bør handsame desse komponentane.