St.prp. nr. 74 (2003-2004)

Om trygdeoppgjeret 2004

Til innhaldsliste

9 Ytingar til yrkesretta attføring

Løyvinga for 2004 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring er på 10 344 mill. kroner fordelt med 8 584 mill. kroner til attføringspengar og 1 760 mill. kroner til attføringsstønader.

Attføringspengar

Med utgangspunkt i eksisterande informasjon om utbetalingane hittil i år og overslag på utbetalingane ut året vert, det rekna med at det er eit meirbehov under attføringspengar på 196 mill. kroner grunna auken i grunnbeløpet. Det vert gjort framlegg om å auke løyvinga for 2004 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring, post 70 attføringspengar med 196 mill. kroner.

Attføringsstønader

Endringa i G rører i første rekke ved stønad til hushaldsutgifter. Den sentrale faktoren i ordninga med stønad til hushaldsutgifter er ein sjablonberekna levekostnadsfaktor som skal dekke andre utgifter enn buutgifter. Dersom til dømes ein attføringssøkjar og eventuell ektefelle har samla nettoinntekter som er lågare enn levekostnadsfaktoren og buutgiftene til saman, skal det gis månadlege tilskott for å dekke differansen.

Levekostnadsfaktoren vert sjablonberekna på bakgrunn av veksten i konsumprisindeksen. Pr. 1.9.2004 vert satsane i levekostnadsfaktoren auka til:

kroner 5 200 pr. månad for trygda, ein auke på kr. 20

kroner 3 120 pr. månad for ektefelle, ein auke på kr. 10

kroner 1 870 pr. månad for kvart barn, ein auke på kr. 10

Tilskottet kan maksimalt utgjere kr. 5 800 pr. månad, ein auke på kr. 20. Stønadsbeløp på under kr. 100 pr. månad vert ikkje utbetalt.

Stønaden til hushaldsutgifter under yrkesretta attføring er under avvikling, jf. lovendringa om nye berekningsreglar som vart innført med verknad frå 1.1.2002. På bakgrunn av dette er det få personar som no mottek stønad til hushaldsutgifter. Vidare er auken i levekostnadsfaktoren liten som følgje av den låge veksten i konsumprisindeksen.

Budsjettverknaden på kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring, post 71 attføringsstønad er rekna til å vere så låg at det ikkje gjev grunnlag for å endra løyvinga for 2004.