8 Pensjonstrygda for sjømenn
Etter lov av 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn yter staten visse tilskott (§15). Staten dekkjer m.a. utgiftene til krigsfartstillegg for fartsmånader mellom 1. september 1939 og 31. desember 1945. Pensjonsordninga er garantert av staten (§ 8). Etter at reguleringsfondet er brukt opp, dekkjer såleis staten dei årlege underskotta.
Under kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn, post 70 Tilskott, er det for 2004 løyvd 557 mill. kroner.
Pensjonssatsane og krigsfartstillegget vert fastsett direkte i prosent av grunnbeløpet i folketrygda, og aukar såleis automatisk i takt med det. Ved ein auke av grunnbeløpet vil både underskottet og utgiftene til krigsfartstillegg auke. Det vert gjort framlegg om at tilskottet aukar med 13 mill. kroner.