4 Nærare om utviklinga dei seinare åra
Tabell 4.1 syner den prosentvise auken i grunnbeløpet, minstepensjon, gjennomsnittleg alderspensjon og uførepensjon og auken i årsløn for ulike grupper av yrkesaktive for perioden 1998 - 2003.
Tabell 4.1 Utvikling i grunnbeløp og inntekter for minstepensjonistar og lønstakarar og gjennomsnittleg alders- og uførepensjon 1998 - 2003. Prosentvis endring frå året før og årleg gjennomsnitt i perioden 2001 - 2003.
1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2001-2003 | |
Folketrygdpensjon | |||||||
- Grunnbeløp | 5,8 | 4,5 | 4,2 | 4,6 | 5,2 | 5,1 | 5,0 |
Minstepensjon | |||||||
- for einslege | 13,2 | 7,6 | 4,2 | 4,6 | 5,2 | 5,1 | 5,0 |
- for ektepar | 14,6 | 8,1 | 4,2 | 4,6 | 5,2 | 7,4 | 5,7 |
Alderspensjon i gjennomsnitt3 | 9,3 | 6,2 | 5,0 | 5,5 | 6,2 | 6,6 | 6,1 |
Uførepensjon i gjennomsnitt | 8,6 | 4,7 | 4,0 | 4,3 | 7,0 | 7,5 | 6,3 |
Årsløn1 | |||||||
- Arbeidarar i LO/NHO-området | 5,6 | 4,7 | 4,5 | 4,9 | 5,0 | 3,5 | 4,5 |
- Statstilsette | 6,4 | 4,7 | 4,6 | 4,2 | 5,9 | 4,3 | 4,8 |
- Kommunetilsette | 5,9 | 5,0 | 4,0 | 3,5 | 6,0 | 4,5 | 4,7 |
- Lønstakarar i alt | 6,2 | 5,1 | 4,4 | 4,8 | 5,7 | 4½ | 5,0 |
- Lønstakarar i alt korr. for lærarar2 | 4,6 | 5,5 | 4,4 | 4,8 | |||
Konsumprisindeksen | 2,3 | 3,1 | 3,0 | 1,3 | 2,5 | 2,3 |
1 Berekna lønsvekst jamfør rapport frå Det tekniske beregningsutvalget NOU 2004:10, tabell 3.1
2 Dei særskilte elementa i oppgjeret for skuleverket vert her haldne utanom.
3 Gjennomsnittleg alderspensjon har auka meir enn både grunnbeløpet og gjennomsnittsløna for samanlikningsgruppene i perioden 1998-2003. Dette kjem av at folketrygda framleis er i ein oppbyggingsfase, og at den delen av alderspensjonistane som tener opp tilleggspensjonsrettar aukar.
Kjelde: Kjelde: Det tekniske beregningsutvalget NOU 2004:10 og Rikstrygdeverket.
Grunnbeløpet i folketrygda auka i perioden 2001 - 2003 med i gjennomsnitt 5 prosent pr. år. Om ein held verknaden av lærarpakke II utanom, var årslønsveksten for alle grupper 4,8 prosent pr. år i perioden 2001 - 2003. Utviklinga i minstepensjonane vert bestemt av utviklinga i grunnbeløpet og i satsane for særtillegg. Satsane for særtillegget har ikkje auka. Det gjer at minstepensjonen for einslege har auka i takt med grunnbeløpet. Minstepensjonane for ektepar har auke relativt meir. Dette har samanheng med at grunnpensjonen er auke frå 0,75G til 0,8G frå 1. mai 2003.
Frå 2002 til 2003 auka grunnbeløpet, tilleggspensjonane, og minstepensjonen for einslege med 5,1 prosent og med 7,4 prosent for ektepar. Med ein prisauke på 2,5 prosent i same periode gav det ein sterk realvekst i pensjonane.
I følgje Det tekniske beregningsutvalget for inntektsoppgjera var lønsveksten frå 2002 til 2003 4½ prosent for alle grupper under eitt. Lønsveksten for industriarbeidarar i NHO-bedrifter var 3,5 prosent, for statstilsette 4,3 prosent og for kommunetilsette 4,5 prosent.
I Revidert nasjonalbudsjett 2004 er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg vekst i løningane frå 2003 til 2004 på om lag 3¾ prosent for alle grupper under eitt.
I løpet av våren har likevel mange av dei sluttførte lønsoppgjera hatt ei ramme for årslønsveksten på om lag 3½ prosent. Regjeringa har difor valt å leggje 3½ prosent vekst til grunn for reguleringa av grunnbeløpet i folketrygda når veksten er korrigert for etterslepskomponentane frå 2003.
Tabell 4.2 syner pensjonen etter skatt i prosent av disponibel inntekt som yrkesaktiv (nettopensjonsdekningsprosent). Gruppene med låg inntekt får høgare disponibel pensjon som del av tidlegare yrkesinntekt enn høginntektsgruppene.
Tabell 4.2 Nettopensjondekningsprosent i 2003 for pensjonistar med opptente poeng alle år frå 1967 som vart alderspensjonistar i 2003 og ved fullt opptent pensjon. Pensjonsalder 67 år.
Brutto lønsinntekt. Kroner | ||||
167 892 | 223 856 | 279 820 | 391 748 | |
Sluttpoengtal | ||||
2,00 | 3,00 | 4,00 | 5,33/6,00 | |
Br.pensj. for einslege, 1936-kullet. Kr | 101 507 | 124 278 | 147 049 | 191 453 |
Br.pensj. for einslege, 1940-kullet. Kr | 105 078 | 129 635 | 154 192 | 203 306 |
Br.pensj. for einslege, 1975-kullet. Kr | 102 974 | 126 479 | 149 984 | 181 245 |
Netto pensjonsdekningsprosent | ||||
Einslege | ||||
1936-kullet | 79 | 72 | 66 | 59 |
1940-kullet | 82 | 74 | 68 | 61 |
1975-kullet | 81 | 73 | 67 | 57 |
Pensjonistektepar (ein minstepensjonist)1)2) | ||||
1936-kullet | 129 | 110 | 97 | 83 |
1940-kullet | 130 | 111 | 99 | 85 |
1975-kullet | 129 | 110 | 98 | 81 |
Pensjonistar som forsørgjer ektefelle (yngre enn 60 år) | ||||
1936-kullet | 95 | 87 | 83 | 73 |
1940-kullet | 97 | 90 | 87 | 76 |
1975-kullet | 95 | 89 | 85 | 71 |
1 Minstepensjonist utan tidligare arbeidsinntekt og utan pensjonspoeng i folketrygda
2 Frå 1. mai 2003 vart grunnpensjonen for kvar av ektefellane heva frå 0,75G til 0,8 G av folketrygdas grunnbeløp.
Kjelde: Kjelde: Rikstrygdeverket
I vedlegget til proposisjonen går den historiske utviklinga av pensjonane m.v. fram. Tabellane i vedlegget syner m.a. utviklinga i minstepensjon frå 1970 både i nominell og reell verdi. Det går fram at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst som ein må sjå saman med opptrapping av satsane for særtillegg.