2 Drøftingane med organisasjonane om regulering av grunnbeløpet
Staten har i drøftingane teke utgangspunkt i dei retningslinene for regulering av pensjonistane sine inntekter som Stortinget har vedteke.
I retningslinene heiter det m.a.:
«Siktemålet for reguleringa skal vera å gi pensjonistar med folketrygdpensjon ei inntektsutvikling om lag på linje med venta utvikling for yrkesaktive og i tråd med dei prinsipp og mål som er lagt til grunn for gjennomføringa av det inntektspolitiske opplegget elles.
Venta inntektsutvikling for yrkesaktive blir fastsett med utgangspunkt i inntektsoppgjera for offentleg tilsette og LO/NHO-oppgjeret. Det skal følgje med eit bakgrunnsmateriale som viser kva tala for venta inntektsutvikling for yrkesaktive er basert på og andre tilhøve som har hatt innverknad på fastlegginga av grunnbeløpet. Materialet skal også vise korleis inntektsutviklinga har vore for yrkesaktive og pensjonistar dei seinare åra.»
I utvalet for førebuing av inntektsoppgjeret 1999 (Arntsen-utvalet) var det stor semje om at veksten i årsløna frå 1998 til 1999 bør avgrensast til om lag 4½ prosent. Denne forståinga har blitt lagt til grunn i dei inntektsoppgjera som så langt er avslutta. Regjeringa meiner at Arntsen-utvalets tilråding bør leggjast til grunn også ved trygdeoppgjeret 1999.
Under drøftingane la Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg fram eit felles krav der det heiter:
«Lønnsveksten for yrkesaktive fra 1996 til 1997 er av Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjørene anslått til 4,3 pst. Grunnbeløpet økte med 3,9 pst. i samme periode.
Lønnsveksten for yrkesaktive fra 1997 til 1998 er av Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera anslått til 6¼ pst. Grunnbeløpet økte med 5,75 pst. i samme periode.
Regjeringen har i Revidert Nasjonalbudsjett for 1999 anslått lønnsveksten fra 1998 til 1999 til 4,5 pst.
Organisasjonene krever:
På bakgrunn av ovennevnte krever organisasjonene at grunnbeløpet økes med kr 2 200 til kr 47 570 fra 1. mai 1999.»
Organisasjonane sitt krav er og tatt inn i protokollen frå drøftingane som ligg ved proposisjonen i vedlegg 3.
Staten la under drøftingane fram eit forslag om å auke grunnbeløpet i folketrygda med kr 1 580 frå kr 45 370 til kr 46 950 frå 1. mai 1999. Dette inneber ei auke i gjennomsnittleg grunnbeløp frå 1998 til 1999 på 4,52 pst. Einslege minstepensjonistar fekk ei auke frå 1998 til 1999 på 7,6 pst. medan gifte minstepensjonistar fekk ei auke på 8,1 pst. frå 1998 til 1999.
Partane konstaterte etter dette at det ikkje var grunnlag for å halde fram med drøftingane.
Frå statens side vart det opplyst at Regjeringa ville leggje det framlagde forslaget til grunnbeløpsregulering fram for Stortinget.