3 Vedtaket i EØS-komiteen
Som ledd i samarbeidet med EØS vedtok EØS-komiteen 26. mars 1999 å endre vedlegg XVIII (Helse og sikkerhet på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik behandling av kvinner og menn) i EØS-avtala, slik at avtala no omfattar direktivet om provtyngsle i saker om skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn. Vedtaket inneheld ei innleiing og fem artiklar.
I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og særleg til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom vedtak i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at noverande nr. 21a - 21c i vedlegg XVIII (Helse og sikkerhet på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik behandling av kvinner og menn) skal vere nye nr. 33-35 i same vedlegget.
Artikkel 2 slår fast at rådsdirektiv 97/80/EF, slik det vart endra ved rådsdirektiv 98/52/EF, skal innlemmast i vedlegg XVIII i EØS-avtala i nytt nr. 21a.
Artikkel 3 slår fast at rådsdirektiv 97/80/EF og rådsdirektiv 98/52/EF i islandsk og norsk språkversjon har same rettsverknad som direktivet har på språka til dei andre medlemsstatane i Fellesskapet.
Artikkel 4 slår fast at vedtaket skal ta til å gjelde 27. mars 1999, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle fråsegnene frå partane i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.
Artikkel 5 slår fast at EØS-komiteen sitt vedtak skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.