4 Tilhøvet til norsk rett og vurdering i høve til EØS-avtala
Direktivet er langt på veg dekt av reglane om delt provtyngsle i likestillingslova (lov av 9. juni 1978 nr. 45 om likestilling mellom kjønna, som endra ved lov av 30. juni 1995 nr. 43) §§ 4, 5 og 6. Desse reglane gjeld lik handsaming av kvinner og menn ved tilsetjing/oppseiing m.v., fastsetjing av løn og i visse høve utdanning. Dessutan inneheld arbeidsmiljølova reglar om omvendt provtyngsle for saker om oppseiing av arbeidstakarar som er gravide eller i fødselspermisjon.
Men direktivet krev òg nasjonale reglar om provtyngsle for saker om skilnadshandsaming i høve til andre arbeidsvilkår enn dei som er dekte av dei førnemnde paragrafane. Dette gjeld til dømes tilhøve som fordeling av arbeidsoppgåver, arbeidstid, omplassering m.v.
Forbod mot skilnadshandsaming i slike saker kan utgreiast av likestillingslova § 3, den såkalla generalklausulen. Men lova inneheld ikkje reglar om delt provtyngsle i saker som skal handsamast etter § 3, sjølv om eit slik krav kan utgreiast av forvaltingspraksis (praksis hos Likestillingsombodet og Klagenemnda for likestilling). Av omsyn til ei effektiv gjennomføring av EØS-regelverket i norsk rett, bør likevel rekkjevidda av reglane om provtyngsle gå klart fram av skriven lov. På bakgrunn av dette bør likestillingslova endrast når rådsdirektiv 97/80/EF og 98/52/EF vert innlemma i EØS-avtala.
Barne- og familiedepartementet vil fremje ein odelstingsproposisjon om dei endringane i likestillingslova som er naudsynte som følgje av vedtaket i EØS-komiteen. Proposisjonen vil òg ta føre seg en rekkje andre framlegg til endringar i likestillingslova, og skal etter planen fremjast for Stortinget i sesjonen 1999-2000.