2 Rådsdirektiv 97/80/EF av 15. desember 1997 om provtyngsla i samband med skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn
RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -
med tilvising til avtala om sosial- og arbeidslivspolitikken, som er lagd ved protokoll nr. 14 om sosial- og arbeidslivspolitikken, som er lagd ved traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særlig artikkel 2 nr. 2,
med tilvising til framlegget frå Kommisjonen11,
med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet22,
etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 189 C i traktaten33, og
ut frå desse synsmåtane:
På grunnlag av protokollen om sosial- og arbeidslivspolitikken, som er lagd ved traktaten, har medlemsstatane, med unntak av Det sameinte kongerike Storbritannia og Nord-Irland, heretter kalla «medlemsstatane», som ønskjer å gjennomføre sosialpakta av 1989, inngått ei avtale om sosial- og arbeidslivspolitikken.
Fellesskapspakta om grunnleggjande sosiale rettar for arbeidstakarar sannkjenner kor viktig det er å kjempe mot alle former for skilnadshandsaming, medrekna skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, hudfarge, rase, meiningar og tru.
I punkt 16 i fellesskapspakta om grunnleggjande sosiale rettar for arbeidstakarar, som gjeld lik handsaming av menn og kvinner, er det m.a. fastsett at det bør gjerast ein større innsats for å sikre at prinsippet om like høve for menn og kvinner vert gjennomført, særleg når det gjeld tilgang til arbeid, løn, arbeidsvilkår, sosial stønad, utdanning, yrkesretta opplæring og karriereutvikling.
I samsvar med artikkel 3 nr. 2 i avtala om sosial- og arbeidslivspolitikken har Kommisjonen konsultert partane i arbeidslivet på fellesskapsplan om moglege retningslinjer for fellesskapstiltak med omsyn til provtyngsle i saker som gjeld skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn.
Etter konsultasjonen meinte Kommisjonen at det var ønskjeleg med fellesskapstiltak, og konsulterte på nytt partane i arbeidslivet om innhaldet i det planlagde framlegget i samsvar med artikkel 3 nr. 3 i avtala. Partane i arbeidslivet har gjeve fråsegn til Kommisjonen.
Etter den andre konsultasjonen har partane i arbeidslivet ikkje meldt frå til Kommisjonen at dei ønskjer å setje i gang prosessen i artikkel 4 i den førnemnde avtala som kan føre til at ei avtale vert inngådd.
I samsvar med artikkel 1 i avtala har Fellesskapet og medlemsstatane sett seg som mål m.a. å betre leve- og arbeidsvilkåra. Verksam gjennomføring av prinsippet om lik handsaming av menn og kvinner medverkar til at dette målet vert nådd.
Prinsippet om lik handsaming er fastlagt i artikkel 119 i traktaten, i rådsdirektiv 75/117/EØF av 10. februar 1975 om tilnærming av medlemsstatenes lovgivning om gjennomføring av prinsippet om lik lønn til mannlige og kvinnelige arbeidstakere44
og i rådsdirektiv 76/207/EØF av 9. februar 1976 om gjennomføring av prinsippet om lik behandling av menn og kvinner når det gjelder adgang til arbeid, yrkesutdanning og forfremmelse samt arbeidsvilkår55.
Rådsdirektiv 92/85/EØF av 19. oktober 1992 om iverksetting av tiltak som forbedrer helse og sikkerhet på arbeidsplassen for gravide arbeidstakere og arbeidstakere som nylig har født eller som ammer (tiende særdirektiv i henhold til artikkel 16 nr. 1 i direktiv 89/391/EØF)66
medverkar likeins til verksam gjennomføring av prinsippet om lik handsaming av menn og kvinner. Direktivet skal ikkje røre ved føresegnene i dei førnemnde direktiva om lik handsaming. Difor bør tilpassinga av reglane for provtyngsle òg gjelde dei kvinnelege arbeidstakarane som direktiv 92/85/EØF omfattar.
Rådsdirektiv 96/34/EF av 3. juni 1996 om rammeavtalen om foreldrepermisjon inngått mellom UNICE, CEEP og EFF77
byggjer òg på prinsippet om lik handsaming av menn og kvinner.
Tilvisingane til «rettsleg handsaming» og «domstol» gjeld ordningar for korleis tvistar kan granskast og avgjerast av uavhengige organ, som kan ta avgjerder som er bindande for partane i slike tvistar.
Uttrykket «utanrettsleg handsaming» tyder særleg framgangsmåtar som forlik og mekling.
Det må overlatast til dei nasjonale rettsinstansane eller andre ansvarlege organ å vurdere dei faktiske tilhøva som gjev grunn til å tru at det direkte eller indirekte har vore skilnadshandsaming, i samsvar med nasjonal lovgjeving og/eller praksis.
Det må overlatast til medlemsstatane i alle stadium i sakshandsaminga å innføre reglar for provføring som er gunstigare for klagaren.
Det må takast omsyn til særtrekka ved rettsskipnaden til visse medlemsstatar, m.a. i tilfelle der det kan slåast fast at det har vore skilnadshandsaming dersom den innklaga ikkje har vore i stand til å leggje fram for domstolen eller den rette styresmakta tilfredsstillande prov på at prinsippet om lik handsaming ikkje er vorte brote.
Medlemsstatane kan avstå frå å nytte reglane for provtyngsle i saker der det ligg på domstolen eller det ansvarlege organet å granske dei faktiske tilhøva. Dette vil seie saker der klagaren er friteken for å prove dei faktiske tilhøva, som det ligg på domstolen eller det ansvarlege organet å granske.
Dersom det ved framlegging av prov på tilsynelatande skilnadshandsaming ikkje skulle kunne påleggjast dei innklaga tyngsla ved å prove at dei faktisk ikkje praktiserer skilnadshandsaming, kunne klagarane verte fråtekne alle verksame middel for å få handheva prinsippet om lik handsaming for dei nasjonale domstolane.
Difor har Domstolen til Dei europeiske fellesskapa avgjort at reglane for provtyngsle må tilpassast når det ligg føre tilsynelatande skilnadshandsaming, og at provtyngsla må leggjast over på den innklaga i slike tilfelle, slik at prinsippet om lik handsaming kan nyttast på ein verksam måte.
Indirekte skilnadshandsaming er mykje vanskelegare å prove. Difor er det viktig at dette omgrepet vert definert.
Målet om å fullgod tilpassing av reglane for provtyngsle er enno ikkje nådd i tilfredsstillande grad i alle medlemsstatane, og i samsvar med nærleiksprinsippet i artikkel 3 B i traktaten og prinsippet om rimeleg samhøve må målet nåast på fellesskapsplan. Dette direktivet er avgrensa til å omfatte naudsynte minstekrav og går ikkje lenger enn det som trengst for det føremålet -
VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:
Artikkel 1
Føremål
Føremålet med dette direktivet er å gjere meir verksame dei tiltaka som vert gjorde av medlemsstatane for å gjennomføre prinsippet om lik handsaming, slik at alle som meiner at dei har lidd urett fordi prinsippet ikkje er vorte nytta i deira tilfelle, skal kunne gjere rettane sine gjeldande ved rettsleg handsaming etter eventuelt å ha lagt saka fram for andre ansvarlege organ.
Artikkel 2
Definisjonar
1. I dette direktivet tyder prinsippet om lik handsaming at det verken direkte eller indirekte skal vere skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn.
2. I medhald av det prinsippet om lik handsaming som er nemnt i nr. 1, ligg det føre indirekte skilnadshandsaming når ei føresegn, eit kriterium eller ein praksis som alle verkar nøytrale å sjå til, er til ulempe for ein monaleg større del personar av eitt kjønn, med mindre føresegna, kriteriet eller praksisen er føremålstenleg og naudsynt og kan grunngjevast med objektive faktorar som er kjønnsnøytrale.
Artikkel 3
Verkeområde
1. Dette direktivet skal nyttast på
situasjonar som er dekte ved artikkel 119 i traktaten og ved direktiv 75/117/EØF, 76/207/EØF og, dersom det gjeld skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, ved direktiv 92/85/EØF og 96/34/EF,
all sivilrettsleg eller forvaltingsmessig handsaming i offentleg eller privat sektor som gjev klagerett etter nasjonal lovgjeving i medhald av dei tiltaka som er nemnde i bokstav a), bortsett frå utanrettsleg handsaming som er frivillig eller fastsett i nasjonal lovgjeving.
2. Dette direktivet skal ikkje nyttast på straffesaker, med mindre noko anna er fastsett av medlemsstatane.
Artikkel 4
Provtyngsle
1. Medlemsstatane skal i samsvar med det nasjonale rettsstellet gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at det ligg på den innklaga å prove at prinsippet om lik handsaming ikkje er vorte brote når folk som meiner at dei har lidd urett fordi prinsippet om lik handsaming ikkje er vorte nytta i deira tilfelle, legg fram for ein domstol eller den rette styresmakta opplysningar om dei faktiske tilhøva som gjev grunn til å tru at det direkte eller indirekte har vore skilnadshandsaming.
2. Dette direktivet skal ikkje hindre medlemsstatane i å innføre reglar for provføring som er gunstigare for klagaren.
3. Medlemsstatane kan avstå frå å nytte nr. 1 i saker der det ligg på domstolen eller det ansvarlege organet å granske dei faktiske tilhøva.
Artikkel 5
Informasjon
Medlemsstatane skal syte for at dei tiltaka som vert gjorde i medhald av dette direktivet, saman med dei føresegnene som alt har teke til å gjelde på området, på best mogleg måte vert gjorde kjende for alle dei som det kjem ved.
Artikkel 6
Trygging av vernenivået
Gjennomføringa av føresegnene i dette direktivet skal under ingen omstende gje tilstrekkeleg grunn til å redusere det allmenne vernenivået for arbeidstakarar på dei områda der direktivet gjeld, utan at det rører ved den retten medlemsstatane har til å ta omsyn til endringar i situasjonen ved å vedta lover og forskrifter som er ulike dei som galdt på det tidspunktet då det vart gjeve melding om dette direktivet, på det vilkåret at minstekrava i dette direktivet vert stetta.
Artikkel 7
Gjennomføring
Medlemsstatane skal setje i kraft dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter dette direktivet, innan 1. januar 2001. Dei skal straks melde frå til Kommisjonen om dette.
Når desse føresegnene vert vedtekne av medlemsstatane, skal dei ha ei tilvising til dette direktivet, eller det skal visast til direktivet når dei vert kunngjorde. Medlemsstatane fastset korleis tilvisinga skal gjerast.
Innan to år etter at dette direktivet har teke til å gjelde, skal medlemsstatane sende Kommisjonen alle naudsynte opplysningar, slik at han kan utarbeide ein rapport til Europaparlamentet og Rådet om korleis dette direktivet vert nytta.
Artikkel 8
Dette direktivet er retta til medlemsstatane.
Utferda i Brussel, 15. desember 1997.
For Rådet
J.-C. JUNCKER
Formann
Fotnotar
TEF C 332 av 7.11.1996, s. 11, og TEF L 185 av 18.6.1997, s. 21.
TEF C 133 av 28.4.1997, s. 34.
Europaparlamentsfråsegn av 10. april 1997 (TEF C 132 av 28.4.1997, s. 215), felles haldning frå Rådet av 24. juli 1997 (TEF C 307 av 8.10.1997, s. 6) og europaparlamentsavgjerd av 6. november 1997 (TEF C 358 av 24.11.1997).
TEF L 45 av 19.2.1975, s. 19.
TEF L 39 av 14.2.1976, s. 40.
TEF L 348 av 28.11.1992, s. 1.
TEF L 145 av 19.6.1996, s. 4.