Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 43/1999 av 26. mars 1999 om endring av vedlegg XVIII i EØS-avtala (Helse og sikkerhet på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik behandling av kvinner og menn).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 43/1999 av 26. mars 1999 om endring av vedlegg XVIII i EØS-avtala (Helse og sikkerhet på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik behandling av kvinner og menn), i samsvar med eit framlagt forslag.
Tilråding frå Utanriksdepartementet ligg ved.