3 Avgjerda i EØS-komiteen
Etter avgjerd i EØS-komiteen nr. 47/2003 vert vedlegg IX (finansielle tenester) og vedlegg XIX (forbrukarvern) til EØS-avtala endra ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/65/EF av 23. september 2002 om fjernsal av finansielle tenester til forbrukarar, og om endring av rådsdirektiv 90/619/EØF og av direktiv 97/7EF og 98/27/EF.
Artikkel 1slår fast at europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/65/EF skal leggjast til i vedlegg IX til avtala. Det vert òg presisert kva endringar/tillegg som skal gjerast andre stader i avtala. Det siste er ei følgje av at det gjennom direktiv 2002/65 òg vert gjort naudsynte tilpassingar i direktiv som er vedtekne tidlegare, høvesvis i direktiv 97/7/EF om fjernsal, i direktiv 98/27/EF om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser og i direktiv 90/619/EF om livsforsikringsverksemd.
Artikkel 2 slår fast at direktivet skal gjelde på islandsk og norsk på linje med andre språk i medlemsstatane i Fellesskapet.
Artikkel 3slår fast at avgjerda tek til å gjelde 17. mai 2003, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 4slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.