5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Brot på plikta til å gje informasjon i marknadsføringa kan råkast av marknadsføringslova. For Forbrukarombodet, som fører tilsyn med marknadsføring retta mot forbrukarar, kan innføring av nytt regelverk føre til større trong for tilsyn. På den andre sida kan meir spesifikke krav til pliktene til tenesteytaren gjere tilsynet lettare. Elles vil ikkje direktivet føre med seg økonomiske konsekvensar for det offentlege.
For næringslivet vil informasjonsplikta i samband med omsetning av finansielle tenester verte noko utvida. Dette fører til at tenesteytarane må gå gjennom rutinane sine og informasjonsmateriellet sitt. I praksis vil mesteparten av informasjonen likevel vere knytt til standardmateriell eller malar, til bruk ved utsending av informasjon per brev eller e-post, slik at det ved tilrettelegging ikkje vil føre til særleg ekstra arbeid i samband med den einskilde avtala.
Per i dag er det forsikringsklagenemndene og Bankklagenemnda som handsamar tvistar innanfor områda forsikring og banktenester. Forbrukartvistutvalet handsamar saker etter den gjeldande angrerettlova. I samråd med dei tvisteløysingsorgana det gjeld og ansvarlege departement vil det verte vurdert kva som vil vere den mest føremålstenlege løysinga for handsaming av tvistar i samband med dei nye reglane.