St.prp. nr. 79 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 47/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/65/EF om fjernsal av finansielle tenester til forbrukarar

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 47/2003 av 16. mai 2003 om endring av vedlegg IX (Finansielle tenester) og vedlegg XIX (Forbrukarvern) til EØS-avtala

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Vedlegg IX til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 167/2002 av 6. desember 2002 1.

  2. Vedlegg XIX til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 160/2001 av 18. januar 2002 2.

  3. Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/65/EF av 23. september 2002 om fjernsal av finansielle tenester til forbrukarar, og om endring av rådsdirektiv 90/619/EØF og av direktiv 97/7/EF og 98/27/EF 3skal takast inn i avtala -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

  1. I vedlegg IX til avtala vert det gjort følgjande endringar:

    1. Etter nr. 30c (europaparlaments- og rådsdirektiv 97/9/EF) skal ny overskrift og nytt nr. 30d lyde:

«IV. Føresegner som gjeld alle finansielle tenester

30d. 32002 L 0065: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/65/EF av 23. september 2002 om fjernsal av finansielle tenester til forbrukarar, og om endring av rådsdirektiv 90/619/EØF og av direktiv 97/7/EF og 98/27/EF (TEF L 271 av 9.10.2002, s. 16).»

  1. I nr. 11 (første rådsdirektiv 79/267/EØF) første strekpunkt (rådsdirektiv 90/619/EØF) vert følgjande lagt til: », endra ved

    • 32002 L 0065: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/65/EF av 23. september 2002 (TEF L 271 av 9.10.2002, s. 16).»

I vedlegg XIX til avtala vert det gjort følgjande endringar:

  1. I nr. 3a (europaparlaments- og rådsdirektiv 97/7/EF) vert følgjande lagt til: », endra ved

    • 32002 L 0065: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/65/EF av 23. september 2002 (TEF L 271 av 9.10.2002, s. 16).»

  2. I nr. 7d (europaparlaments- og rådsdirektiv 98/27/EF) skal nytt strekpunkt lyde:

    • 32002 L 0065: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/65/EF av 23. september 2002 (TEF L 271 av 9.10.2002, s. 16).»

Artikkel 2

Teksta til direktiv 2002/65/EF på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal verte gyldig.

Artikkel 3

Denne avgjerda tek til å gjelde 17. mai 2003, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 4.

Artikkel 4

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, 16. mai 2003.

For EØS-komiteen

Formann

P. Westerlund

Sekretærar for EØS-komiteen

P.K. Mannes

M. Brinkmann

Fotnotar

1.

TEU L 38 av 13.2.2003, s. 28, og EØS-tillegget til TEU nr. 9 av 13.2.2003, s. 20.

2.

TEF L 65 av 7.3.2002, s. 40, og EØS-tillegget til TEF nr. 13 av 7.3.2002, s. 23.

3.

TEF L 271 av 9.10.2002, s. 16.

4.

Forfatningsrettslege krav oppgjevne.