6 Konklusjon og tilråding
Direktivet og dei andre endringane vil i det store og heile gje forbrukarane betre vern. Ved innføring av krav om at tenesteytarane skal gje informasjon som er særleg relevant ved fjernsal, vil forbrukarane kunne gjere meir velinformerte val, samstundes som angreretten gjev forbrukarane høve til å kome laus frå avtaler i eit avgrensa tidsrom etter at dei har fått informasjon og hatt høve til å vurdere avtala nærmare.
Barne- og familiedepartementet rår til at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.