St.prp. nr. 8 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 791/2004/EF av 21. april 2004 om eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organ som er aktive på europeisk plan på området utdanning og opplæring, og for å støtte særlege tiltak på det same området (programmet for utdanningsorganisasjonar)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EU-programmet om tiltak for å fremje organ som er aktive på europeisk plan på utdannings- og opplæringsområdet (programmet for utdanningsorganisasjonar) vart formelt vedteke i EU 21. april 2004 ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 791/2004/EF. Programmet varer i tidsrommet 2004-2006.

Ulike utdanningsaktivitetar og arbeidsgrupper som følgjer opp målsetjingane i Lisboa-strategien på utdanningsområdet, er tidlegare vortne finansierte over EØS-budsjettet (tidlegare B3-1000 og B3-1000A) og gjennom det administrative budsjettet til EU-kommisjonen 1

. På grunnlag av rådsforordning nr. 1605/2002 av 25. juni 2002 har Europaparlamentet og Rådet, etter framlegg frå Kommisjonen, vedteke å samle dei økonomiske ressursane som er vortne nytta til denne støtta, i det programmet som er nemnt ovanfor.

EØS-EFTA-statane har arbeidd for deltaking i programmet frå starten i 2004, men med seinka avgjerd i EU og etterslep i EØS-avgjerdsprosedyren var det ikkje mogleg for aktørar i EØS-EFTA-statane å søkje om midlar frå programmet innan søknadsfristane i år. Kommisjonen støtta difor framlegget til EØS-EFTA-statane om å ta programmet for utdanningsorganisasjonar ut av EØS-budsjettet i 2004. EØS-EFTA-statane vil kunne ta del i programmet frå og med 1. januar 2005.

Ettersom norsk deltaking i programmet inneber økonomiske plikter over to år, er Stortinget sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen naudsynt, jf. Grl. § 26, andre leddet.

Visse programutlysingar for aktivitetar i 2005 vil verte kunngjorde med søknadsfristar hausten 2004. Det er difor viktig med så rask avgjerdsprosedyre som mogleg. For å få dette til er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.

Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 791/2004/EF følgjer som vedlegg til proposisjonen.

Fotnotar

1

Part A, administrative appropriations of the Commissions section of the EU budget (section III).

Til forsida
Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.