St.prp. nr. 8 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 791/2004/EF av 21. april 2004 om eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organ som er aktive på europeisk plan på området utdanning og opplæring, og for å støtte særlege tiltak på det same området (programmet for utdanningsorganisasjonar)

Til innhaldsliste

Tilråing

Utanriksdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 791/2004/EF av 21. april 2004 om eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organ som er aktive på europeisk plan på området utdanning og opplæring, og for å støtte særlege tiltak på det same området (programmet for utdanningsorganisasjonar).

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget vert bede om å gjere vedtak om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 791/2004/EF av 21. april 2004 om eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organ som er aktive på europeisk plan på området utdanning og opplæring, og for å støtte særlege tiltak på det same området (programmet for utdanningsorganisasjonar), i samsvar med eit vedlagt forslag.