St.prp. nr. 8 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 791/2004/EF av 21. april 2004 om eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organ som er aktive på europeisk plan på området utdanning og opplæring, og for å støtte særlege tiltak på det same området (programmet for utdanningsorganisasjonar)

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. [...] av [...] om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. .../... av ... 1

    .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 791/2004/EF av 21. april 2004 om eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organ som er aktive på europeisk plan på området utdanning og opplæring, og for å støtte særlege tiltak på det same området 2

    .

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2005 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 artikkel 4 (Utdannelse, opplæring og ungdomsspørsmål) i avtala vert det gjort følgjande endringar:

  1. I innleiinga i nr. 2h vert «program» bytt ut med «programmer».

  2. I nr. 2h skal nytt strekpunkt lyde:

    • 32004 D 0791: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 791/2004/EF av 21. april 2004 om eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organ som er aktive på europeisk plan på området utdanning og opplæring, og for å støtte særlege tiltak på det same området (EUT L 138 av 30.4.2004, s. 31).

      Vedtakets bestemmelser skal for denne avtales formål gjelde med følgende tilpasning:

      EFTA-statene skal delta i programmets tiltaksområde 2, 3A, 3B og 3C.»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3

.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2005.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske union.

Utferda i Brussel, [...].

For EØS-komiteen
Formann
[...]
Sekretærar for EØS-komiteen
[...][...]

Fotnotar

1.

TEU L ...

2.

TEU L 138 av 30.4.2004, s. 31.

3.

[Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.] [Forfatningsrettslege krav oppgjevne.]