2 Nærmare om programmet for utdanningsorganisasjonar
Føremålet med programmet er å leggje til rette for støtte til institusjonar på europeisk plan som fremjer spesifiserte aktivitetar innan utdanning og opplæring. Tiltak som kvalifiserer til støtte, er delte inn i to hovudkategoriar. Den første typen, tiltak 1 og 2, har som føremål å støtte visse institusjonar eller utvalde organisasjonar som er aktive på europeisk plan på utdannings- og opplæringsområdet. EØS-EFTA-statane har fått gjennomslag for å halde tiltak 1 i programmet utanfor EØS-budsjettet fordi dette er direkte støtte til europeiske institusjonar som Europa-colleget i Brugge, det europeiske universitetsinstituttet i Firenze og det europeiske instituttet for offentleg administrasjon i Maastricht. Fleire norske institusjonar medverkar økonomisk og tek del i dei nemnde institusjonane gjennom bilaterale avtaler. Midlar under tiltak 2 kan tildelast europeiske organisasjonar i form av støtte til drifts- og administrasjonskostnader. Organisasjonar som har rett til støtte, skal drive verksemd på utdannings- og opplæringsområdet, og arbeide for mål av allmenn europeisk interesse. Organisasjonane må ha medlemmer frå minst tolv medlemsstatar i EU.
Den andre hovudkategorien, tiltak 3 (A, B og C), har som føremål å støtte visse verksemder eller prosjekt som er retta mot europeisk integrasjon på ulike område og nivå i utdanningskjeda. Tiltak 3A er retta mot verksemd innanfor høgare utdanning som er knytt til europeisk integrasjon. Tiltak 3B er retta mot støtte til politikken til EU på utdannings- og opplæringsområdet utanfor fellesskapsprogramma. Midlane under dette tiltaket er i hovudsak nytta til finansiering av oppfølginga av Lisboa-strategien på utdanningsområdet. Tiltak 3C skal fremje utdanning i fellesskapsrett, særleg for dommarar på nasjonalt plan.