1 Bakgrunn
Industrinasjonane i verda utviklar seg i dag mot eit informasjons- og kommunikasjonssamfunn. Noreg har kome langt i denne utviklinga, som på sikt vil føre til endringar i samfunnsstrukturen og skape ei rekkje utfordringar for verksemder, innbyggjarar og styresmakter.
EU har funne det føremålstenleg å setje i verk eit program over fleire år (1998-2002) som tek sikte på å betre forståinga av informasjonssamfunnet og dei samfunnsmessige og økonomiske følgjene av dette. Programmet vert kalla «Promoting Information Society in Europe», forkorta til PROMISE, og er nærare omtala under punkt 2.
EØS-komiteen vedtok den 28. mai 1999 å endre Protokoll 31 til EØS-avtala, slik at samarbeidet mellom avtalepartane vert utvida til å omfatte PROMISE. Uoffisiell omsetjing av vedtak 69/1999 i EØS-komiteen av 28. mai 1999 og rådsvedtak 98/253/EF av 30. mars 1998 om å skipe programmet følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.
Norsk deltaking i PROMISE vil gjere det naudsynt å løyve midlar i framtidige år. Då EØS-komiteen 28. mai 1999 tok avgjerda om å innlemme programmet i EØS-avtala, informerte Noreg difor dei andre avtalepartane om at forfatningsrettslege krav må vere stetta i Noreg før avgjerda kan verte bindande.