2 Nærare om Promise-programmet
Programmet tek sikte på å betre forståinga av informasjonssamfunnet og følgjene av det for innbyggjarar, næringsliv og institusjonar i Europa, lette innføringa av informasjonssamfunnet i Europa, skape merksemd om den globale dimensjonen ved informasjonssamfunnet, og å utnytte dei høva som informasjonssamfunnet og det globale perspektivet gjev. PROMISE er eit fireårig program (1998-2001), med 1997 som eit førebuande år.
Aktivitetane i programmet er konsentrerte rundt følgjande tre hovudinnsatsområde:
Auke kjennskapen til og forståinga for moglege verknader av og nye bruksområde for informasjonssamfunnet, og stimulere motivasjonen og evna blant ålmenta til å ta del i overgangen til informasjonssamfunnet.
Utnytte best mogleg dei sosio-økonomiske føremonene ved informasjonssamfunnet i Europa ved å analysere dei tekniske, økonomiske, sosiale og lovgjevingsmessige tilhøva. Dette skal gjerast ved å vurdere dei utfordringane som overgangen til informasjonssamfunnet fører med seg, m.a. når det gjeld sysselsetjing, og ved å fremje synergi og samarbeid mellom tiltak på europeisk og nasjonalt plan.
Styrkje den rolla som Europa har, og gjere Europa meir synleg i den globale dimensjonen ved informasjonssamfunnet.
Innan ramma av PROMISE-programmet skal ein nasjonal ekspert frå EFTA/EØS-landa vere knytt til EU-kommisjonen. Denne eksperten kjem frå Noreg, og vart tilsett 1. januar 1999.