5 Vurderingar
Utviklinga mot informasjons- og kommunikasjonssamfunnet skapar utfordringar og moglegheitar for både næringslivet, innbyggarane og samfunnet elles. IT-politikken er eit høgt prioritert område i Regjeringa sitt arbeid. Det vert lagt vekt på å ikkje fokusere einsidig på den teknologiske utviklinga, men sjå økonomiske, teknologiske og samfunnsmessige forhold i samanheng.
PROMISE-programmet sin visjon og innsatsområder er i tråd med dette, med fokusering på mellom anna små og mellomstore verksemder sin bruk av IT, informasjonsutveksling mellom byar og regionar, samt synleggjering av informasjonssamfunnet sine konsekvensar for perifere regionar og mindre heldigstilte sosiale grupper.
Deltaking i PROMISE-programmet går derfor naturleg inn som ein del av norsk politikk for utvikling av informasjonssamfunnet i Noreg, og vert sett på som nyttig for norske forskningsmiljø og norsk næringsliv.