4 Administrative og økonomiske konsekvensar
Dei samla kostnadene til PROMISE-programmet er rekna til 375 millionar kroner for åra 1998 til og med 2002. Den norske delen av kostnadene vil for 1999 utgjere omlag 1,1 millionar kroner. I tillegg kjem utgifter til nasjonal oppfølging og til den nasjonale eksperten med om lag 1,1 millionar kroner i alt. Nærings- og handelsdepartementet har ansvaret for den norske deltakinga i programmet, og midlane vert dekte over budsjettet til dette departementet. Det vert vist til St prp nr 1 (1998-99), for Nærings- og handelsdepartementet, kapittel 924. Noregs forskingsråd har ansvaret for sekretariatet for programmet. Deltakinga i PROMISE får ikkje nemnande administrative konsekvensar.