St.prp. nr. 83 (1998-99)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr 69/1999 av 28. mai 1999 om endring av Protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA/EØS-landa si deltaking i EU-programmet PROMISE

Til innhaldsliste

2 Rådsvedtak av 30. mars 1998 om vedtaking av eit fleirårig fellesskapsprogram for å stimulere verkeleggjeringa av informasjonssamfunnet i Europa («Informasjonssamfunnet») (98/253/EF)

RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 235,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,11

med tilvising til fråsegna frå Europaparlamentet22og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Verkeleggjeringa av informasjonssamfunnet inneber at det veks fram nye former for økonomiske, politiske og sosiale relasjonar, og ho kan såleis hjelpe Fellesskapet med å meistre utfordringane i det neste hundreåret, særleg med å skipe nye arbeidsplassar, slik det er peikt på i kvitboka «Vekst, konkurranseevne og sysselsetjing - utfordringar i og vegar inn i det 21. hundreåret».

  2. Under møtet sitt på Korfu 24.-25. juni 1994 merkte Det europeiske rådet seg tilrådingane frå høgnivågruppa for informasjonssamfunnet, som vart lagde fram i rapporten «Europa og det verdsfemnande informasjonssamfunnet». Kommisjonen utarbeidde deretter ein handlingsplan som inneheld konkrete tiltak både på fellesskapsplan og i medlemsstatane.

  3. Under møtet sitt i Firenze 21.-22. juni 1996 streka Det europeiske rådet under at informasjonssamfunnet har eit potensial når det gjeld utdanning og opplæring, tilrettelegging av arbeid og nye arbeidsplassar.

  4. Tempoet i utviklinga av informasjonssamfunnet er i høg grad avhengig av det medvitet, den forståinga og den støtta som finst blant borgarane og blant offentlege og private organisasjonar med omsyn til korleis den nye informasjons- og kommunikasjonsteknologien kan nyttast til beste for både individet og næringslivet.

  5. Verkeleggjeringa av innformasjonssamfunnet vil krevje at kvar borgar, kvart føretak eller kvart offentleg organ i alle delar av Fellesskapet har tilgang til allslags informasjon som dei treng.

  6. Verkeleggjeringa av innformasjonssamfunnet vil gradvis føre til at menneskeleg verksemd endrar karakter og innhald på alle område, og vil få viktige tverrsektorielle verknader på verksemdsområde som til no har vore sjølvstendige.

  7. I dei tiltaka som er naudsynte for å verkeleggjere informasjonssamfunnet, må det takast omsyn til den økonomiske og sosiale utjamninga i Fellesskapet og til at den indre marknaden må halde fram med å verke tilfredsstillande.

  8. For at desse tiltaka skal kunne fastleggjast, må det gjerast førebuande analysar med sikte på å betre forståinga av dei ulike områda som kan verte påverka av fellesskapstiltak som gjeld informasjonssamfunnet.

  9. Den første førebels rapporten av januar 1996 frå gruppa av sakkunnige på høgt nivå om sosiale og samfunnsmessige sider ved informasjonssamfunnet inneheld ei samling innleiande synsmåtar med sikte på utarbeiding av ein sluttrapport.

  10. Den første årsrapporten av juni 1996 frå Forumet for informasjonssamfunnet til Kommisjonen tilrår at Kommisjonen set i verk medvitsaukande tiltak i heile Den europeiske unionen, støttar dei tiltaka som høver best til å fremje best mogleg praksis, oppmuntrar til bruk av ny teknologi, rettar større merksemd mot dei økonomiske og sosiale følgjene av informasjonssamfunnet og sikrar at funksjonshemma får den same tilgangen til informasjonssamfunnet som andre.

  11. Kommisjonen vedtok 24. juli 1996 grønboka «Å leve og arbeide i informasjonssamfunnet: mennesket i framgrunnen», som skal medverke til ein meir djuptgåande politisk, sosial og mellommenneskeleg dialog om dei viktigaste sosiale og samfunnsmessige sidene ved informasjonssamfunnet. I lys av dei reaksjonane som var komne, skulle Kommisjonen gjere framlegg til tiltak i 1997.

  12. I dei tiltaka som er naudsynte for å verkeleggjere informasjonssamfunnet, må det takast omsyn til den verdsfemnande dimensjonen til informasjonssamfunnet.

  13. Under G7-ministerkonferansen om informasjonssamfunnet og utvikling i Midrand, Sør-Afrika, 13.-15. mai 1996 vart det sannkjent at «informasjonssamfunnsmodellen» burde vidareførast på ein slik måte at han gagnar utviklingslanda, gjer dei i stand til å rå bot på dei spesielle problema og utfordringane deira, støttar den berekraftige veksten deira og sikrar at dei faktisk tek del i den framveksande «elektronisk samankopla» verdsøkonomien.

  14. Under Roma-konferansen 30.-31. mai 1996 vart det sannkjent at eit av elementa i den politiske dialogen mellom Fellesskapet og dei tolv statane som tek del i partnarskapet mellom Europa og middelhavsstatane, som vart skipa under Barcelona-konferansen i november 1995, nettopp er oppbygging i middelhavsområdet av eit verkeleg ope informasjonssamfunn som med omsyn til vekst, konkurranseevne og sysselsetjing kan verte til gagn for brukarar, industri og tenesteytarar på området informasjons- og kommunikasjonsteknologi.

  15. Under det andre møtet i Forumet for informasjonssamfunnet mellom Den europeiske unionen og statane i Sentral- og Aust-Europa i Praha 12.-13. september 1996 vart det stadfesta at dei spørsmåla som er knytte til verkeleggjeringa av informasjonssamfunnet, er særleg viktige for dei europeiske statane som er i ferd med å gjennomføre økonomiske reformer, og det vart streka under at det trengst eit grunnlag for drøftingar og informasjonsutveksling.

  16. Det bør ikkje skje overlapping med eksisterande tiltakshøve på område som forsking og utvikling, transeuropeiske nett, informasjonsinnhald, sosialpolitikk og standardisering.

  17. Framdrifta av dette programmet bør overvakast jamleg og systematisk. Når programmet er avslutta, bør det gjerast ei sluttvurdering der dei resultata som er oppnådde, vert jamførde med dei måla som er fastsette i dette vedtaket.

  18. Det må fastsetjast kor lenge programmet skal vare.

  19. I dette vedtaket er det ført opp ein finansiell referansesum, slik det er definert i punkt 2 i fråsegna frå Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen av 6. mars 1995, for heile det tidsrommet som programmet varer, utan at dette rører ved dei fullmaktene som budsjettstyresmakta har i medhald av traktaten.

  20. I traktaten er det berre artikkel 235 som gjev heimel for å gjere dette vedtaket -

GJORT DETTE VEDTAKET:

Artikkel 1

Det vert vedteke eit program («Informasjonssamfunnet») som har som mål

  • å auke blant ålmenta medvitet om og forståinga for dei moglege verknadene av og dei nye bruksområda for informasjonssamfunnet i heile Europa, og å stimulere motivasjonen og evna blant ålmenta til å ta del i overgangen til informasjonssamfunnet,

  • å utnytte best mogleg dei sosio-økonomiske føremonene med informasjonssamfunnet i Europa ved å analysere dei tekniske, økonomiske, sosiale og lovgjevingsmessige sidene ved det, ved å vurdere dei utfordringane som overgangen til informasjonssamfunnet fører med seg, m.a. når det gjeld sysselsetjing, og ved å fremje samverknad og samarbeid i dei tiltaka som vert gjorde på europeisk og nasjonalt plan,

  • å styrkje Europas rolle og å gjere Europa meir synleg i den verdsfemnande dimensjonen til informasjonssamfunnet.

Den verksemda som er fastsett i dette programmet, er tverrsektoriell og utfyller fellesskapstiltak på andre område. Verksemda må ikkje overlappe det arbeidet som vert utført på desse områda innan ramma av andre fellesskapsprogram. Med sikte på å unngå overlapping, utfylle andre initiativ og tilføre dette programmet utfyllande sakkunne skal dei aktuelle fellesskapsprogramma sjåast i samanheng med utviklinga av verksemda.

Likeins bør programmet gje ei felles ramme der ulike nasjonale, regionale og lokale initiativ med sikte på å verkeleggjere informasjonssamfunnet kan utfylle kvarandre og verke saman på europeisk plan, særleg med hjelp frå det utvalet som er nemnt i artikkel 5 nr. 1, slik at tilgjengelege ressursar vert nytta og klarleiken og samarbeidet på europeisk plan vert betra, samstundes som nærleiksprinsippet vert stetta fullt ut.

Artikkel 2

For å nå dei måla som er nemnde i artikkel 1, skal følgjande kategoriar tiltak gjennomførast:

  1. Medvitsaukande tiltak i Europa:

    • der det er naudsynt, større vektlegging av lokale og nasjonale initiativ og initiativ over landegrensene for å fremje ei betre forståing, t.d. gjennom spreiing av informasjon, av kva framtidsutsikter, føremoner og moglege farar som informasjonssamfunnet fører med seg, anten slike initiativ er retta mot ålmenta eller mot særskilde målgrupper,

    • innsamling og spreiing av informasjon om kva borgarane og brukarane treng av tenester og brukarprogram i samband med informasjonssamfunnet,

    • betring av informasjonen til ålmenta og til andre interesserte partar om reelle prosjekt som vert sette i verk, for å stette krava deira,

    • overvaking av kva medvit folk har om tenestene og brukarprogramma i samband med informasjonssamfunnet, og av i kor stor grad dei har gjort seg kjende med dei, særleg ved å oppmuntre til jamlege granskingar og til innarbeiding av nasjonale granskingar i ei europeisk samanstilling,

    • stimulering av interessa hjå industrien, særleg hjå små og mellomstore føretak (SMF), for å yte tenester og tilby brukarprogram som er i samsvar med ønska til borgarane og brukarane, t.d. gjennom presentasjon av verksemd, nettverk og brukarprogram i samband med informasjonssamfunnet og av korleis dei kan utnyttast i praksis,

    • demonstrasjon av korleis informasjonssamfunnet kan verke inn på regionalt plan, medrekna fremjing av utveksling av relevant informasjon mellom byar og regionar over landegrensene,

    • støtte til Forumet for informasjonssamfunnet, som er samansett av sakkunnige representantar for ei rekkje ulike interesser frå industri- og universitetsmiljø, media, fagforeiningar, forbrukar- og brukargrupper, og som kan gje Kommisjonen råd om dei utfordringane som må overvinnast i samband med utviklinga av informasjonssamfunnet,

  2. tiltak med sikte på å utnytte best mogleg dei sosio-økonomiske føremonene med informasjonssamfunnet i Europa:

    • vurdering av kva framtidsutsikter og hindringar vanskelegstilte samfunnsgrupper, randområde og vanskelegstilte regionar kan stå overfor når det gjeld tilgang til og bruk av produkt og tenester i samband med informasjonssamfunnet; identifisering av føremålstenlege tiltak for å overvinne desse hindringane og utnytte dei føremonene som informasjonssamfunnet byr fram,

    • analyse av aktuelle initiativ på europeisk og nasjonalt plan med omsyn til å skaffe fram brukarprogram, særleg på grunnlag av ei fast liste over prosjekt som kan lette verkeleggjeringa av informasjonssamfunnet,

    • klarleik med omsyn til den politikken og dei programma som er sette i verk på europeisk og nasjonalt plan, særleg på grunnlag av ei fast liste,

    • hjelp til å spreie over heile Europa vellukka døme på tiltak, prosjekt og tenester i samband med informasjonssamfunnet, på grunnlag av dei programma og den praksisen som vert rekna som dei beste,

    • fremjing av utveksling av sakkunne og røynsler frå granskingar og verksemd som er sette i verk på europeisk og nasjonalt plan,

    • identifisering og vurdering av dei finansieringsordningane som er naudsynte for å utvikle informasjonssamfunnet, særleg ordningar som kan medverke til å stimulere partnarskap mellom offentleg og privat sektor med sikte på å innføre brukarprogram av allmenn interesse,

    • identifisering av hindringar for at den indre marknaden verkar tilfredsstillande på informasjonssamfunnsområdet, og vurdering av kva tiltak som er naudsynte for å dra full nytte av dei føremonene som eit område utan grenser inneber for utviklinga av informasjonssamfunnet, samstundes som det vert teke omsyn til det språklege mangfaldet,

    • iverksetjing av tiltak for å få kjennskap til kva prioriteringar små og mellomstore føretak (SMF) har, og kva hindringar som hemmar bruken deira av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), i nær samordning med tiltaka til Kommisjonen for å mobilisere ulike grupper av IKT-brukarar,

    • fremjing i undervisningssektoren av kunnskapar om og dugleik i bruken av dataverktøy gjennom spreiing av relevante røynsler som er gjorde på nasjonalt og europeisk plan,

  3. tiltak for å styrkje Europas rolle og gjere Europa meir synleg i den verdsfemnande dimensjonen til informasjonssamfunnet:

    • utarbeiding av ei liste over initiativ som er tekne over heile verda,

    • utveksling av informasjon med tredjestatar, særleg med sikte på å gje dei betre tilgang til føremonene ved informasjonssamfunnet,

    • samarbeid om førebuing av demonstrasjonstiltak, anten på tosidig plan eller i samarbeid med internasjonale organisasjonar.

I dei arbeidsprogramma som skal utarbeidast for kvart år, skal det fastleggjast prioriterte arbeidsområde og konkrete tiltak for dei ulike kategoriane tiltak som er nemnde ovanfor, med sikte på å oppnå ein størst mogleg tilleggsverdi på europeisk plan.

Artikkel 3

For å nå dei måla som er nemnde i artikkel 1, og gjennomføre dei tiltaka som er fastlagde i artikkel 2, kan Kommisjonen nytte dei midla som er føremålstenlege og relevante, særleg:

  • tildeling av kontraktar for utføring av oppgåver i samband med analysar, førebuande granskingar og detaljerte granskingar på særskilde område, demonstrasjonstiltak av avgrensa omfang og dessutan samordning, vurdering og samfinansiering av tiltak,

  • tilrettelegging av, deltaking i og økonomisk støtte til møte mellom sakkunnige, konferansar, seminar og samråd mellom personar eller grupper som har felles interesser, særleg med sikte på å gje tredjestatar betre tilgang til føremonene ved informasjonssamfunnet,

  • offentleggjering og spreiing av informasjon.

Artikkel 4

  1. Dette programmet skal gjelde frå 1. januar 1998 til 31. desember 2002.

  2. Den finansielle referansesummen for gjennomføringa av programmet er 25 millionar ECU. I vedlegget er det oppført ei rettleiande utgiftsfordeling.

  3. Budsjettstyresmakta skal godkjenne løyvingane i samband med den årlege budsjetthandsaminga og i samsvar med dei finansielle overslaga.

Artikkel 5

  1. Kommisjonen er ansvarleg for å gjennomføre programmet og samordne det med andre fellesskapsprogram.

    Kommisjonen skal få hjelp av eit utval som er samansett av representantar for medlemsstatane og vert leidd av representanten for Kommisjonen.

  2. Den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 6, skal nyttast

    • ved vedtaking av arbeidsprogrammet, medrekna omfanget av finansieringa,

    • ved fordeling av budsjettutgiftene,

    • på kriterium for og innhald av utlyste innbydingar til framlegg,

    • ved vurdering av prosjektframlegg med sikte på fellesskapsfinansiering i samband med utlyste innbydingar til framlegg og ved vurdering av det pårekna fellesskapstilskotet til kvart prosjekt, når tilskotet er på 100 000 ECU eller meir,

    • på tiltak for å vurdere programmet,

    • når juridiske personar frå tredjestatar eller internasjonale organisasjonar tek del i prosjekt.

  3. Dersom tilskotet frå Fellesskapet i medhald av nr. 2 fjerde strekpunktet er mindre enn 100 000 ECU, skal Kommisjonen gje utvalet melding om prosjekta og om utfallet av vurderinga si.

  4. Kommisjonen skal jamleg gje utvalet melding om framdrifta i gjennomføringa av heile programmet.

Artikkel 6

Representanten for Kommisjonen skal leggje fram for utvalet eit utkast til tiltak som skal gjerast. Utvalet skal kome med ei fråsegn om utkastet innan ein frist som leiaren kan fastsetje etter kor mykje saka hastar. Fråsegna skal gjevast med det fleirtalet som artikkel 148 nr. 2 i traktaten fastset for avgjerder som Rådet skal ta etter framlegg frå Kommisjonen. Ved røysting i utvalet skal røystene til representantane for medlemsstatane ha den vekta som den førnemnde artikkelen fastset. Leiaren skal ikkje røyste.

Kommisjonen skal vedta dei planlagde tiltaka dersom dei er i samsvar med fråsegna frå utvalet.

Dersom dei planlagde tiltaka ikkje er i samsvar med fråsegna frå utvalet eller det ikkje er gjeve noka fråsegn, skal Kommisjonen straks gjere framlegg for Rådet om tiltak som skal gjerast. Rådet skal ta avgjerda si med kvalifisert fleirtal.

Dersom Rådet ikkje har teke noka avgjerd innan tre månader etter at framlegget vart gjort, skal Kommisjonen vedta dei framlagde tiltaka.

Artikkel 7

Utvalet kan be Forumet for informasjonssamfunnet, som er nemnt i artikkel 2 bokstav a) siste strekpunktet, om råd eller rettleiing.

Artikkel 8

  1. For å sikre at fellesskapsstøtta vert nytta på ein effektiv måte, skal Kommisjonen syte for at det vert utført effektiv førehandsvurdering, overvaking og etterfølgjande vurdering av dei tiltaka som vert gjennomførde i medhald av dette vedtaket.

  2. Under og etter gjennomføringa av prosjekt skal Kommisjonen vurdere korleis dei er gjennomførde, og verknaden av gjennomføringa, slik at han kan avgjere om dei opphavlege måla er nådde.

  3. Dei utvalde støttemottakarane skal kvart år leggje fram ein rapport for Kommisjonen eller ein sluttrapport for kortvarige prosjekt.

  4. Etter to år og når programmet er avslutta, skal Kommisjonen leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein rapport, etter at utvalet som er nemnt i artikkel 5 nr. 1, har granska han, der dei beste resultata som er oppnådde ved gjennomføringa av dei tiltaka som er nemnde i artikkel 2, vert vurderte. På grunnlag av resultata kan Kommisjonen gjere framlegg om tilpassing av skipnaden til programmet.

Artikkel 9

I samsvar med framgangsmåten i artikkel 6 kan juridiske personar som er etablerte i tredjestatar, og internasjonale organisasjonar ta del i dette programmet utan økonomisk støtte frå Fellesskapet innan ramma av programmet, dersom slik deltaking røynleg medverkar til å gjennomføre programmet, samstundes som det vert teke omsyn til prinsippet om ymsesidig nytte.

Artikkel 10

Dette vedtaket er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 30. mars 1998.

For Rådet

LORD SIMON of HIGHBURY

Formann

Vedlegg

Fleirårig program for informasjonssamfunnet

Rettleiande utgiftsfordeling 1998-2002

Prosentdelar av det samla budsjettet per kategori og år
19981999200020012002Samla sum 1998-2002
Medvitsaukande tiltak9 %7 %6 %5 %3 %høgst 30 %
Tiltak for best mogleg utnytting11 %11 %11 %12 %12 %57 %
Internasjonale tiltak2 %2 %3 %3 %3 %høgst 13 %
Prosentdel av den samla summen22 %20 %20 %20 %18 %100 %

Fotnotar

1.

TEF C 51 av 21.2.1997, s. 12.

2.

TEF C 222 av 21.7.1997, s. 39.