1 Bakgrunn
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 51/2006 av 28. april 2006 vart det vedteke å endre vedlegg XXI til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments- og rådsforordning nr. 1158/2005 av 8. oktober 2002 om endring av rådsforordning (EF) nr. 1165/98 om konjunkturstatistikk, som er teken inn i vedlegg XXI til EØS-avtala.
Ettersom gjennomføringa av avgjerda i EØS-komiteen inneber auka økonomiske utgifter over fleire år, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, i samsvar med § 26 andre leddet Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala.
Avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsforordninga i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.