6 Vurdering og tilråding
Forordninga er eit viktig tilskot til vidare utvikling av harmonisert korttidsstatistikk innanfor EØS-området. Difor har Noreg òg teke aktivt del i utforminga av planane for denne statistikken.
Finansdepartementet rår til at Noreg godkjenner avgjerd i EØS-komiteen nr. 51/2006 av 28. april 2006 om endring av vedlegg XXI til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments- og rådsforordning nr. 158/2006 om konjunkturstatistikk. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.