2 Nærmare om forordninga
Føremålet med forordninga er å gjere endringar i rådsforordning (EF) nr. 1165/65 om korttidsstatistikk. Bakgrunnen for endringane er røynsler frå den eksisterande forordninga, drøftingar som har funne stad av handlingsplanen for økonomisk korttidsstatistikk i ulike samanhengar og ønske som Den europeiske sentralbanken har uttrykt.
Forordninga gjev høve til å gjennomføre utvalsgranskingar på europeisk nivå med sikte på å utarbeide samla utrekningar for alle statane.
Forordninga fører òg til ein del endringar i vedlegga til korttidsforordninga når det gjeld variablar, referanseperiode og tidsfristar for levering av data. For nokre variablar vert talet auka ved overgang frå kvartal til månad. Dette gjeld m.a. produksjonsindeksen for bygg og anlegg. På nokre område vert tidsfristane for datalevering korta ned. Dette gjeld t.d. talet på sysselsette i industrien, bygg og anlegg og tenestenæringane der kravet til produksjonstid vert korta ned frå 90 til 60 dagar etter utgangen av kvartalet.
Det skal òg gjennomførast einskilde studiar for å vurdere om det er mogleg å produsere statistikk på visse nye område. Dette gjeld produsentprisar innanfor bygg og anlegg, kvartalsvis indeks for timeverk og løn innanfor detaljhandelen og tenestenæringane, og dessutan overgang frå kvartalsvis til månadleg omsetningsstatistikk for tenestenæringar.