3 Avgjerda i EØS-komiteen
EØS-komiteen har vedteke at følgjande skal leggjast til i punkt 2 (rådsforordning (EF) nr. 1165/98) i vedlegg XXI til EØS-avtala.
I artikkel 1 går det fram at vedlegg XXI til avtala vert endra på følgjande måte:
«, endra ved:
32005 R 1158: europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1158/2005 av 6. juli 2006 (EUT L 191 av 22.7.2005, s. 1).»
Vidare er det nemnt i artikkel 3 at avgjerda tek til å gjelde 29. april 2006 på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Av artikkel 4 går det fram at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.