5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Etter statistikklova av 16. juni 1989 er Statistisk sentralbyrå det sentrale organet for utarbeiding og spreiing av offisiell statistikk. Som ein del av dette har Statistisk sentralbyrå hovudansvaret for internasjonalt statistikksamarbeid. Når det gjeld EØS-samarbeidet vil dette seie at Statistisk sentralbyrå har hovudansvaret for oppfølginga av protokoll 30 i EØS-avtala og dei pliktene som følgjer av dette, m.a. gjennom vedlegg XXI.
Framlegget stiller store krav til omlegging og utvikling av statistikk. På nokre område kan dette løysast ved utvikling av nye metodar for bruk av administrative data (medrekna mva-oppgåver). Dei største utfordringane knyter seg til utvikling av nye prisstatistikkar for tenestenæringa. Måten dette skal løysast på er framleis under utgreiing. Eit førebels overslag tyder på at desse kan føre til ein årleg tilleggskostnad på mellom 2,5 og 4 mill. kroner.
Dei auka kostnadene vil verte dekte innanfor budsjettrammene til Statistisk sentralbyrå (kap. 1620).
Framlegget fører ikkje til større administrative konsekvensar.