1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram eit forslag om delvis bompengefinansiering av trinn 1 av miljøpakke for transport i Trondheim.
Det lokale forslaget til miljøpakke for transport i Trondheim er basert på eit forlik mellom seks parti i bystyret. Miljøpakka inneheld ei rekke tiltak som mellom anna har som mål å redusere CO2 -utsleppa med 20 pst. innan 2018, auke delen som reiser med miljøvennleg transport (gang-, sykkel-, og kollektivtransport) og redusere reisene med privatbil.
For å nå desse måla blir det satsa på ei rekke ulike tiltak. Det er prioritert å vidareføre utbygginga av eit hovudvegnett som mellom anna skal avlaste biltrafikken rundt dei sentrale byområda. I dette vegnettet inngår utbygging av E6 Sluppen – Stavne som også inkluderer bygging av ny Sluppen bru. I tillegg er det lagt opp til utbygging av E6 Jaktøyen - Tonstad. Som ein del av utbygginga av eit avlastande hovudvegnett blir det lagt opp til å bygge naudsynte lokale tilknytingsvegar og gang- og sykkelvegar. I tillegg er det prioritert kollektivtrafikktiltak, utbygging av hovudruter for sykkeltrafikk, trafikktryggleikstiltak og miljøtiltak. Kommunen og fylkeskommunen ønskjer i tillegg å styrke kollektivtransporten gjennom å bruke bompengar til drift av kollektivtransporten i Trondheim. Kommunen vil også vidareføre ein areal- og parkeringspolitikk som har som mål å redusere transportbehovet.
For å finansiere utbyggingstiltaka i pakka ønskjer kommunen å innføre brukarbetaling både i form av bompengar og i form av ei lokal avgift på omsetjing av drivstoff. I tillegg er det lagt til grunn at offentlige løyvingar skal inngå som ein del av finansieringsgrunnlaget for miljøpakka.
Det er i dag ikkje lovmessig grunnlag for å ta i bruk ei lokal drivstoffavgift for å finansiere tiltak i pakka. I forslaget frå Trondheim kommune var tildeling til Trondheim gjennom belønningsordninga for kollektivtransport ein del av ramma. Fylkeskommunen har i sitt vedtak føresett at slike midlar kjem som eit tillegg til dei midlane som er omfatta av miljøpakka.
Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune ønskjer å kunne starte bygginga av dei høgast prioriterte veg- og kollektivprosjekta i pakka så snart som mogleg. Dei har derfor bedt om å få fremje miljøpakka i to trinn, der første trinn av pakka inneheld tiltak og verkemiddel som per i dag er avklart i forhold til lovverk og økonomiske rammer. Formålet med trinn 1 er å legge til rette for å innføre ei trafikantbetalingsordning i Trondheim basert på lokale vedtak.
På grunn av storleiken på pakka er det krav om at det skal gjennomførast ekstern kvalitetssikring (KS1). Det er gjennomført KS1 for prosjektet E6 Sluppen – Stavne. Prosjektet E6 Jaktøyen – Tonstad er unntatt frå kravet om KS1. Trondheim kommune har i tillegg gjennomført eit omfattande utgreiingsarbeid knytt til transportplanarbeidet for Trondheim. Desse utgreiingane kan inngå som ein del av grunnlaget for KS1. Det vil likevel vere naudsynt med tilleggsutgreiingar som grunnlag for ekstern kvalitetssikring.
Departementet vil kome tilbake med eit framlegg om trinn 2 i pakka når naudsynte utgreiingar og lovmessige avklaringar er gjort.