St.prp. nr. 85 (2008-2009)

Om delvis bompengefinansiering av trinn 1 av miljøpakke for transport i Trondheim

Til innhaldsliste

5 Utbyggings- og finansieringsopplegg

Finansieringa av miljøpakke for transport i Trondheim er basert på innkrevjing av bompengar og statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. Eventuell brukarbetaling i form av ei lokal avgift på omsetjing av drivstoff må departementet kome tilbake til i samband med trinn 2 av miljøpakka. I tråd med vanleg praksis skal dei ulike forvaltningsnivåa finansiere tiltak innafor eige ansvarsområde. Bompengane kan i prinsippet nyttast til tiltak på riksvegar, fylkesvegar og kommunale vegar så lenge bruken av bompengar skjer i samsvar med dei rammer som veglova § 27 gir.

5.1 Statlege midlar

I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019, er det lagt til grunn at om lag 400 mill. kr innafor ramma til programområda vil gå til tiltak i Trondheimsområdet. 200 mill. kr av desse midlane er føresette stilt til disposisjon i første fireårsperiode. I tillegg er det i siste 6-årsperiode lagt til grunn 300 mill. kr til utbygginga av E6 sør for Trondheim.

5.2 Kommunale og fylkeskommunale midlar

Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune har gått inn for at ordinære løyvingar til veginvesteringar på dagens kommunale og fylkeskommunale vegnett skal inngå som ein del av finansieringsplanen. Frå fylkeskommunen si side utgjer dette om lag 5 mill. kr per år, medan det frå kommunen si side utgjer om lag 10 mill. kr per år.

Frå 2010 får fylkeskommunane ansvaret for hovuddelen av dagens øvrige riksvegar. Desse vil bli omklassifisert til fylkesvegar, og statlege løyvingar til fylkeskommunane ved overtaking av øvrig riksvegnett skal skje gjennom rammetilskotsordninga. Sør-Trøndelag fylkeskommune er innstilt på å stille til disposisjon midlar til miljøpakka frå dei midlane som blir lagt inn i rammetilskotet som følgje av ansvarsendringa. Desse rammene er lagt fram i kommuneøkonomiproposisjonen som blei fremma av regjeringa i mai 2009. Fylkeskommunen har ikkje ønskt å gje ein lovnad på kor mykje midlar dei vil gå inn med, før rammene er kjende. Fylkeskommunen kjem tilbake til spørsmålet i samband med førebuingane til trinn 2 av miljøpakka.

5.3 Bompengeordninga

Lokalt er det lagt til grunn innkrevjing i sju bomstasjonar som er plasserte i tre ulike snitt i Trondheim.

Søndre snitt:

Bomstasjonane er plassert på Trondheimssida av rundkjøringa på Klett. Dermed unngår ein at regional trafikk mellom E6 og E39 blir belasta. Det blir eit innkrevjingspunkt på E6 og eit på rv 707 sør for Klett. Det er 29 000 kjt/døgn som passerer bomsnittet i dag. Dette utgjer 80 pst. av trafikken over bygrensa mot sør. Det meste av trafikken utafor snittet er trafikk mellom Trondheim og Klæbu. Vegen til Melhus over Rødde (fv 737) er den einaste relevante omkjøringsruta. Det er rekna ut at denne vegen kan kome til å få ei dobling av trafikken frå om lag 1000 til om lag 2000 køyretøy i døgnet.

Midtre snitt:

Bomstasjonane skal plasserast på E6 i Okstadbakken, på Sluppen bru og i Oslovegen sør for Sluppen bru. I tillegg skal det settast opp ein bomstasjon i Fossestuvegen for å hindre trafikklekkasje via Fossegrenda. Det passerer 95 000 kjt/døgn gjennom bomsnittet. Dette utgjer 87 pst. av trafikken mellom sør og nord i byen. Det vil i praksis berre vere to andre omkjøringsruter (Granåsen og Tillerbruvegen). Det er ikkje rekna med at desse vil få vesentleg trafikkvekst.

Nordre/austre snitt:

Det pågår innkrevjing i bomstasjonen på Ranheim som er ein del av prosjektet E6 Trondheim – Stjørdal. Denne innkrevjinga vil vere i drift mesteparten av perioden. Det er ikkje lagt opp til å plassere fleire bomstasjonar på E6 Trondheim - Stjørdal fordi dette vil redusere trafikken og dermed også inntektene for dette prosjektet. Det er lagt opp til eit nytt innkrevjingspunkt på Malvikvegen ved Væretrøa. Saman med stasjonen på E6 Trondheim - Størdal vil desse fange opp så godt som all trafikk austover (30 000 kjt/døgn). Det vil vere mogleg å køyre via Jonsvannet utan å betale, men denne ruta vil vere lite attraktiv.

Innkrevjingsopplegg

Det er lagt til grunn parallellinnkrevjing i automatiske, ubemanna stasjonar. Bomstasjonane er basert på Autopass-systemet og vil ha tilsvarande teknologiske løysingar som eksisterande bomstasjonar i Oslo, Bergen og Tønsberg. Betaling av bompengar vil skje gjennom bruk av elektronisk brikke eller ved etterskottsvis fakturering basert på videofotografering av registreringsnummeret til bilen. Av omsynet til personvernet er det lagt opp til at det skal vere mogleg for trafikantane å betale ved nærliggande bensinstasjonar som har avtale med bomselskapet. I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019, er det varsla eit interdepartementalt arbeid om anonymitet i heilautomatiske bomstasjonar, jf. St.prp. nr. 40 (2007-2008). Samferdselsdepartementet tek sikte på at konklusjonane frå dette arbeidet ligg føre ved årsskiftet 2009/2010.

Trafikkgrunnlag og trafikkavvisning

Registreringar av årsdøgntrafikken gjennom eller i nærleiken av dei tre bomstasjonssnitta er grunnlaget for å rekne ut bompengeinntektene i miljøpakka. Desse tala er innhenta i 2007 og 2008, slik at den reelle trafikken gjennom bomsnitta i 2009 kan ligge noko høgare.

I tillegg har ein transportmodell for Trondheimsområdet vore nytta til å rekna ut verknaden av å sette opp bomstasjonar i Trondheim. Mellom anna er det sett på om køyremønsteret endrar seg og kor stor trafikkavvisning bompengeopplegget vil få. Statens vegvesen og Trondheim kommune har også gode erfaringstal for effekten av at den gamle bomringen i Trondheim blei tatt ned ved årsskiftet 2005/2006. Til saman gir dette eit godt grunnlag for å stipulere trafikkavvisninga i det nye bompengeopplegget.

Det er ikkje lagt inn trafikkvekst i perioden i grunnlaget for å rekne ut bompengeinntekter. Dette samsvarer med målet om at den delen av trafikantane som reiser med privatbil, skal reduserast frå 58 til 50 pst. Målet er at fleire trafikantar vil bruke buss, sykle eller gå i staden for å bruke bil.

Oppstart av innkrevjinga

Kommunen og fylkeskommunen har lagt til grunn at innkrevjinga av bompengar kan starte opp 1. januar 2010. Innkjøp av innkrevjingsutstyr må gjennomførast i tråd med reglane om offentlege innkjøp. Det tek noko tid å lage spesifikasjonane av eit så vidt komplekst bompengeopplegg før tilbodsutlysninga. Det tek også noko tid frå leverandørane er valt til alt utstyret er levert, montert og testa. Statens vegvesen har alt starta førebuingane til innkjøp av innkrevjingsutstyr og tek sikte på at innkrevjinga kan starte opp så snart det er praktisk mogleg å få innkrevjingsutstyret på plass. Dette er ikkje mogleg å gjennomføre innan 1. januar 2010 slik kommunen og fylkeskommunen ønskjer. Det er meir realistisk at innkrevjinga kan starte opp i løpet av første halvår 2010. Statens vegvesen meiner at det vil ta om lag åtte månader frå Stortingets vedtak til innkrevjinga kan starte opp.

Takstar og rabattordningar

Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune har i sine vedtak 29. januar 2009 lagt til grunn nokre prinsipp for utarbeiding av eit takstsystem:

  • Trafikantane må betale i alle innkrevjingssnitt i begge retningar.

  • Takstane skal differensierast og ha ein høgare sats i rushtida og ein lågare sats på kveld/helg enn elles på dagen.

  • Tunge kjøretøy skal betale dobbel takst.

  • Den gjennomsnittlege inntekt pr. passering skal utgjere 67 pst. av den ordinære taksten.

  • Det gis rabatt ved betaling på forskott.

  • Ved passering av fleire bomstasjonar i same innkrevjingssnitt skal det berre betalast i første bomstasjon.

  • I innkrevjingssnittet på Klett gis rabatt til trafikantar som også passerer bomstasjonar på E39.

  • Det skal settast eit tak på talet på passeringar som det blir betalt for per månad (passeringstak).

  • Kollektivtrafikk med rutebuss gis fritak for betaling.

Bystyret har i sitt vedtak lagt til grunn at takstane i innkrevjingspunktet i Okstadbakken ikkje skal tidsdifferensierast og at taksten blir sett til kr 5 per passering.

I saksframlegget til bystyret og fylkestinget er det lagt til grunn at den gjennomsnittlege taksten for personbilar skal vere 10 kr per passering. Det er også lagt til grunn at denne taksten kan variere over døgnet. Til dømes kan taksten i rushtida vere 15 kr, 10 kr resten av dagen og 7 kr om natta og i helga. Eit slikt opplegg inneber at bilistane må betale ein høgare pris på dei tidspunkta på dagen der belastninga på vegnettet er høgast.

I diskusjonar mellom Statens vegvesen, Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune om kva slags takstsystem som best kan ivareta desse prinsippa, blei det peikt på eit takstsystem tilsvarande det som Oslo har i dag gjennom Oslopakke 3.

Fylkesutvalet og formannskapet har i sine vedtak 24. mars 2009 rådd til at det gis ein fast rabatt for alle som har avtale om førehandsbetaling, og ein lågare rabatt for alle andre med autopassbrikke. Dette vedtaket støttar opp om eit opplegg tilsvarande det som er innført i Oslo. Det lokale forslaget til takstsystem er ei omlegging i forhold til dagens system, og avvik frå dei generelle takstretningslinene når det gjeld fast rabatt. Forslaget til takst- og rabattsystem skal sendast på høyring i kommunen og fylkeskommunen før Vegdirektoratet gjer sitt endelege takstvedtak.

Samanheng mellom nytte og betaling

I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019, er krava til samanheng mellom betaling og nytte i bompengeordningar omtalt. Hovudregelen er at bomstasjonane skal plasserast i nærleiken av dei prosjekta som blir bygde, slik at ein oppnår god samanheng mellom nytte og betaling. I ei bompengepakke slik det er lagt opp til i Trondheim, vil det ikkje vere mogleg å sette opp ein bom i nærleiken av alle store og små prosjekt i pakka. Bomstasjonane er derfor plasserte slik at alle dei som betaler, får nytte av eit eller fleire av tiltaka. Legg ein til grunn at E6 Jaktøyen – Tonstad blir bygd ut som ein del av miljøpakka, er samanhengen mellom betaling og nytte godt ivaretatt i det skisserte opplegget.

5.4 Forslag til finansieringsplan

Finansieringsplanen som er lagt til grunn, er vist i tabell 5.1.

Tabell 5.1 Finansieringsplan.

 2010-20132014-20192020-2024SUM
Statlege midlar 200500  700 
Kommunale midlar406050150
Fylkeskommunale midlar20302575
Bompengar1040156013003900
Sum1300215013754825

Det er i utgangspunktet ikkje føresett at bompengeselskapet må ta opp lån for å finansiere tiltaka i miljøpakka. Det er derfor ikkje rekna med finansieringskostnader knytt til låneopptak. Det vil likevel vere formålsteneleg at bompengeselskapet får høve til å ta opp lån dersom dette viser seg å vere naudsynt for å sikre at utbyggingstiltaka kan gjennomførast så rasjonelt som mogleg.

For å få gjennomført naudsynt planlegging og prosjektering av tiltaka i miljøpakka, er det lagt opp til at bompengeselskapet kan finansiere inntil 15 mill. kr i planleggingsmidlar i 2009 gjennom låneopptak.

Følgjande basisføresetnader er lagt til grunn for bompengeutrekninga:

  • Innkrevjingsperiode: 15 år.

  • Gjennomsnittleg inntekt per passering: 6,67 kr.

  • Trafikkgrunnlag: Dagens trafikknivå gjennom bomstasjonssnitta med ei gjennomsnittleg trafikkavvisning på 11 pst.

  • Trafikkvekst: I tråd med måla i miljøpakka er det ikkje lagt inn trafikkvekst i perioden.

  • Årleg prisstigning: 2,5 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 14 mill. kr (2 mill. kr/år per bomstasjon).

Bompengepakker er meir fleksible enn bompengeinnkrevjing for enkeltprosjekt. Det blir lagt til grunn at omfanget av utbygginga i miljøpakka blir tilpassa den økonomiske ramma. Dersom kostnadsoverslaget på nokre av prosjekta aukar, vil dette innebere at andre prosjekt ikkje blir bygde. Dersom prosjekta blir rimelegare enn rekna med, vil det bli plass til fleire prosjekt i pakka. All kostnadsauke er føresett løyst innanfor den økonomiske ramma av miljøpakke for transport i Trondheim. Det er ein føresetnad at miljøprofilen i pakka blir oppretthalde.

Det vil bli etablert eit kontaktutval som skal ha som oppgåve å sjå til at alle tiltak som blir starta opp, lar seg finansiere innafor dei økonomiske rammene i miljøpakka og i tråd med dei føringar som er gitt i denne proposisjonen. Det er føresett at Sør-Trøndelag fylkeskommune, Trondheim kommune og Statens vegvesen er representerte i utvalet. Det er eit ønskje lokalt at kontaktutvalet også skal koordinere tiltaka som blir finansierte gjennom belønningsordninga for kollektivtransport. Dette er gjort for å få til ei god samordning av tiltak som blir finansierte frå ulike kjelder.