6 Vidare arbeid med trinn 2 av miljøpakka
I trinn 2 av miljøpakka vil heilskapen i pakka bli omtalt. Det inneber også at den endelege prioriteringa av prosjekt og tiltak i miljøpakka skal leggjast fram i trinn 2. Grunnlaget for prioriteringa vil mellom anna vere handlingsprogrammet til Nasjonal transportplan for perioden 2010–2013, og handlingsprogrammet for fylkesvegane i Sør-Trøndelag.
Det vil i tillegg vere naudsynt å få avklart om det er mogleg å auke den økonomiske ramma for miljøpakka. Mellom anna vil det bli avklart om det er mogleg å ta i bruk ordninga med lokalt finansieringstilskot på drivstoff i eit utvida omfang i Trondheim. Departementet legg vidare til grunn at fylkeskommunen må avklare om dei vil auke det fylkeskommunale bidraget til miljøpakka som følgje av at dei overtar ansvaret for øvrige riksvegar frå 1. januar 2010. Det kan også vere aktuelt å vurdere takstnivået i bomstasjonane.
Det er lagt opp til at miljøpakka skal underleggast ekstern kvalitetssikring (KS1). Departementet legg til grunn at ein slik prosess tek utgangspunkt i dei utgreiingane som allereie er gjennomførde. I tilegg vil det vere naudsunt å gjennomføre tilleggsutgreiingar. Desse tilleggsutgreiingane bør fokusere på konkrete kollektiv-, trafikktryggleiks-, og miljøprosjekt og vurdere desse i forhold til kostnader, gjennomføring og nytte. Målet må vere å finne fram til dei prosjekta som best kan ivareta dei måla som er sette for miljøpakka. Også dei driftstiltaka som er føresett finansiert med bompengar, bør inngå i ei slik utgreiing. Det same bør gjelde for dei restriktive tiltaka. Departementet er oppteken av at utgreiingane ikkje skal overlappe allereie gjennomførte utgreiingar og at dei gjennomførast så raskt som mogleg.