7 Samferdselsdepartementet si vurdering
Samferdselsdepartementet viser til at det er tverrpolitisk semje om å etablere ei miljøpakke for transport i Trondheim. Departementet er samd med lokale styresmakter i at det er viktig å starte opp bompengeinnkrevjinga i Trondheim for å kunne kome i gang med utbygginga av dei viktigaste tiltaka så snart som mogleg. Departementet støttar derfor opplegget med å fremje trinn 1 av miljøpakka i denne omgangen.
Samferdselsdepartementet viser til at det gjennom St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019, er lagt til grunn 700 mill. kr i statlege midlar til miljøpakke for transport i Trondheim. I tillegg legg departementet til grunn at Sør-Trøndelag fylkeskommune vurderer omfanget av sin innsats i miljøpakka på bakgrunn av dei økonomiske rammene som følgje av at øvrige riksvegar blir overførte til fylkeskommunen.
Det lokale forslaget til takstsystem er ei omlegging i forhold til dagens system når det gjeld flat rabatt ved bruk av autopassbrikke, og avvik frå dei generelle takstretningslinene. Føringane dei lokalt har lagt på takstsystemet, inneber i praksis at dei går inn for eit system som tilsvarar det takst- og rabattsystemet som er innført i Oslo, jf. St.prp. nr. 40 (2007-2008) Om Oslopakke 3 trinn 1. Departementet sluttar seg til konklusjonane lokalt og går inn for eit takstsystem med flat rabatt ved bruk av autopassbrikke.
Departementet har merka seg at kommunen ønskjer at taksten på bomstasjonen i Okstadbakken skal settast til 5 kr og ikkje vere omfatta av tidsdifferensieringa. Departementet har også merka seg at fylkeskommunen ikkje har ønska å redusere taksten i Okstadbakken. Departementet har valt å legge vekt på ønska frå kommunen i denne saka og aksepterer at det blir sett ein lågare takst utan ytterlegare rabatt på bomstasjonen i Okstadbakken.
Departementet har merka seg at Trondheim kommune ønskjer å innføre tidsdifferensiering av takstane slik at dei er høgare i rushtida og lågare på kveldane og i helga enn elles på dagen. Grunngjevinga frå kommunen for å innføre ei slik ordning er at innkrevjingsordninga skal ha ein trafikkregulerande effekt. I tillegg gir ein slik innkrevjingsmodell ein betre framkomst for alle trafikantar med same samla økonomiske belasting for bilistane.
Departementet går inn for eit opplegg med tidsdifferensierte takstar som ein del av finansieringsgrunnlaget for miljøpakke for transport i Trondheim fordi ei slik ordning gjer at dei trafikkantane som belastar vegsystemet mest, må betale mest. Dette gir den mest rettferdige fordelinga av betalingsplikta og inneber ein viss trafikkregulerande effekt.
Departementet sluttar seg til at bompengeselskapet kan finansiere inntil 15 mill. kr i planleggingsmidlar i 2009 gjennom låneopptak.
Departementet vil kome tilbake til oppstart av dei prosjekta det er aktuelt å starte opp i 2010 i samband med framlegginga av statsbudsjettet for 2010. Departementet vil også kome tilbake til trinn 2 av miljøpakka når naudsynte avklaringar ligg føre. Trinn 2 vil innehalde ein heilskapleg plan og endelege prioriteringar av prosjekt og tiltak i miljøpakka der også omsynet til arealbruken er vurdert.