2 Omtale av det lokale forslaget til miljøpakke for transport i Trondheim
Det lokale forslaget til miljøpakke inneheld omtrentlege rammer for investeringar innafor ulike sektorar. I tillegg er det lagt til grunn ekstra driftsmidlar til kollektivtransport. Den samla økonomiske ramma i det lokale forslaget som blei vedteke av Trondheim kommune 29. januar 2009, er på om lag 6,7 mrd. kr. Som grunnlag for finansieringa har Trondheim kommune rekna med inntekter frå ei lokal miljøavgift på drivstoff, bompengeinntekter, statlege tilskot frå belønningsordninga for kollektivtransport og riksvegmidlar. Kommunen har lagt til grunn at staten løyver 100 mill. kr per år i riksvegmidlar i perioden 2010-2019, og at dei statlege løyvingane i dei siste 5 åra av miljøpakka vil bli 60 mill. kr per år.
Halvparten av kostnadsramma er føresett å gå til tiltak for å betre miljøforholda, trafikktryggleikstiltak og til alternative transporttilbod til bil. Her inngår tiltak på både statleg, fylkeskommunalt og kommunalt vegnett. Den andre halvparten av midlane er føresett å gå til utbygging av hovudvegnettet.
Sør-Trøndelag fylkeskommune slutta seg til innhald og målsetjing i miljøpakka for Trondheim i fylkestinget sitt møte 29. januar 2009. Fylkeskommunen la til grunn i sitt vedtak at midlar frå belønningsordninga for kollektivtransport blir halde utafor inntektssida i miljøpakka, og at desse midlane må kome som eit tillegg til den statlege delen av finansieringa av miljøpakka. Det er likevel ein føresetnad at tiltaka som blir finansiert med midlar frå belønningsordninga blir vurdert i samanheng med tiltaka som inngår i miljøpakka.
Det er fleire element i finansieringsplanen som er vedteke lokalt som gjer at det ikkje er mogleg å legge fram ei pakke med ei samla ramme på 6,7 mrd. kr. Det er i dag ikkje heimel til å krevje inn ei lokal avgift på drivstoff for å finansiere mange av dei tiltaka som er føresette i det lokale forslaget. For å kunne bruke ei lokal drivstoffavgift som verkemiddel, er det naudsynt å skaffe eit lovgrunnlag for ei slik innkrevjing. I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019, er det vist til at det er starta eit lovarbeid som opnar for å etablere eit system for innkrevjing av lokalt finansieringstilskot på omsetjing av drivstoff i eit utvida omfang. For å unngå at ordninga fører til auka bruk av bil, er det føresett ei avgrensing til byområde der det ikkje er lønsamt å kjøre ut av området for å fylle drivstoff. Vidare har fylkeskommunen i sitt vedtak lagt til grunn at midlane frå belønningsordninga for kollektivtransport blir halde utafor inntektssida i miljøpakka.
I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019, er det lagt til grunn 700 mill. kr til prosjekt og tiltak i Trondheim innafor ramma til riksveginvesteringar for tiårsperioden. Fylkeskommunane tek over ansvaret for øvrige riksvegar frå 1. januar 2010. Fylkeskommunen har ikkje ønskt å gje ein lovnad på kor mykje midlar dei vil sette av i miljøpakka til det vegnettet som blir overført frå staten før dei ser kor store rammer som er lagt til grunn i kommuneøkonomiproposisjonen, som regjeringa la fram i mai 2009.
Dersom ein legg til grunn at dei statlege midlane til miljøpakka er avgrensa til føreslåtte riksvegløyvingar i perioden 2010-2019 og at det ikkje er lovheimel for å krevje inn ei lokal miljøavgift på drivstoff, blir den økonomiske ramma til miljøpakka om lag 4,8 mrd. kr. I denne ramma er vidareføring av dagens kommunale og fylkeskommunale løyvingar til lokale vegar inkludert.
Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune ønskjer likevel å fremje miljøpakka med ei redusert ramme. Dei har derfor bedt om å få fremje pakka i to trinn, der trinn 1 tilsvarar den økonomiske ramma som per i dag er avklart.