1 Bakgrunn
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 56/2002 av 31. mai 2002 vart EØS-avtala endra ved at det i vedlegg XIII punkt 56 k (Transport) vart teke inn ei tilvising til europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/96/EF av 4. desember 2001 om fastsetjing av harmoniserte krav og framgangsmåtar for sikker lasting og lossing av bulkskip.
Føremålet med direktivet er å styrkje tryggleiken for bulkskip som legg til ved terminalar for å laste eller losse faste bulklaster/tørrbulk, ved å redusere risikoen for store påkjenningar og fysisk skade på konstruksjonen til skipet under lasting eller lossing.
Gjennomføringa av direktivet i norsk rett krev ei endring av hamne- og farvasslova.
Som følgje av kravet om lovendring vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala.
Avgjerda i EØS-komiteen og direktiv 2001/96 i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.