2 Nærmare om direktivet
Direktivet inneheld bindande rettsreglar om lasting og lossing av tørrbulkskip. Føremålet med reglane er å sikre at laste- og losseoperasjonane ikkje fører med seg direkte fare for eller så store påkjenningar på skipet at det over tid fører til fare for sjødugleiken til skipet. Direktivet byggjer på tilrådingar som er vedtekne i Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen IMO (International Maritime Organisation).
Operatørar av laste- og losseterminalar for tørrbulk vert pålagde å følgje relevante IMO-reglar og tilrådingar om samarbeid mellom skip og terminalar, medrekna prosedyrar for samarbeid og kommunikasjon mellom skipet og laste- og losseterminalane. Terminaloperatørane skal setje i verk kvalitetssikringssystem som sikrar at mellom anna leiing og drift av terminalane vert planlagt, utført og jamleg evaluert i medhald av spesifikke kvalitetskrav.
I framlegget vert det kravd at det skal fastsetjast rutinar for rapportering om korleis dei fastsette prosedyrane vert stetta, og at den statlege styresmakta skal ha eit system for kontroll med korleis reglane vert stetta, medrekna umelde inspeksjonar av laste- og losseterminalar.