6 Konklusjon og tilråding
Det er i Noregs interesse som skipsfartsnasjon at denne regelen og andre IMO- tilrådingar som er retta mot ei betring av tryggleiken for bulkskip, vert vedtekne som bindande reglar. Dersom ein vedtek tilrådingane som bindande reglar i EØS-området, kan det òg medverke til at tilrådingar vert bindande på verdsbasis. Ei betring av tryggleiken for bulkskip vil òg vere i Noregs interesse som kyststat, jf. faren for miljøskadar som følgje av forlis.
Fiskeridepartementet tilrår at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring av vedlegg XIII ved innlemming av direktiv 2001/96/EF om fastsetjing av harmoniserte krav og framgangsmåtar for sikker lasting og lossing av bulkskip. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.