3 Avgjerda i EØS-komiteen
EØS-komiteen vedtok 31. mai 2002 i avgjerd nr. 56/2002 at vedlegg XIII til EØS-avtala skal endrast ved at direktiv 2001/96/EF om fastsetjing av harmoniserte krav og framgangsmåtar for sikker lasting og lossing av bulkskip vert innlemma i EØS-avtala.
Artikkel 2, 3 og 4 gjeld andre direktiv.
Artikkel 1 slår fast at etter nr. 56j (europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/25/EF) i vedlegg XIII til avtala skal følgjande leggjast til: «32 001 L 0096: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/96/EF av 4. desember 2001 om fastsetjing av harmoniserte krav og framgangsmåtar for sikker lasting og lossing av bulkskip (TEF L 13 av 16.1.2002, s.9).»
Artikkel 5 slår fast at avgjerda skal ta til å gjelde 1. juni 2002, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 6 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.
Etter artikkel 103 nr. 1 skal EFTA-statane innan seks månader frå det tidspunktet då avgjerda vart teken (31. mai 2002), melde frå til dei andre EØS-statane at dei forfatningsrettslege krava er stetta, det vil for Noreg sin del seie at Stortinget sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen er innhenta.