5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Dei administrative og økonomiske konsekvensane for styresmaktene er at staten skal føre tilsyn med korleis regelverket vert stetta, medrekna stikkprøvekontrollar og rapportering til EU. Omfanget av inspeksjonar av bulkterminalar og informasjons- og rapporteringsrutinar vil føre med seg ei utviding av verksemda til Kystverket på dette området. Den nye tilsynsfunksjonen vil kunne føre med seg noko auka økonomiske ressursar, som ein tek sikte på å dekkje innan dei gjeldande rammene til Kystverket.
Konsekvensane for private aktørar vil særleg vere at bulkterminalane må innføre dei rutinane og kvalitetssikringssystema som følgjer av direktivet. Etter gjennomføringa er det ikkje venta nemnande administrative og økonomiske konsekvensar.