6 Økonomiske og administrative konsekvensar av kommisjonens forslag
Lokaldemokratikommisjonen meiner at lokaldemokratiet har og skal ha ei sentral stilling i vårt styresett. Gjennom kommunane vert det lagt til rette for lokal representativ styring og lokaldemokratisk deltaking i forhold til mange viktige oppgåver. Det er i kommunane innbyggjarane lettast kan kome i kontakt med sine folkevalde og på andre måtar kan påverke offentlege avgjerder. Difor er det eit viktig mål for denne utgreiinga å gjere kjent kva som kan gjerast for å leggje til rette for deltaking og det vert peika på ein rekkje tiltak for å få dette til. Det er gjennom brei deltaking frå innbyggjarane kommunen gjer seg kjent med innbyggjarane sin krav, interesser og behov.
Det betyr økonomiske utgifter å legge til rette for brei deltaking i lokaldemokratiet. Skal kommunane i større grad enn i dag legge til rette for deltakingsarenaer, betre informasjon til innbyggjarane, betre kontakt mellom folkevalde og innbyggjarane, samarbeid med frivillige organisasjonar, utvida brukarmedverknad, at det blir fleire folkevalde osv. vil det innebere auka kostnader. Generelt meiner kommisjonen at det er viktig å prioritere bruk av ressursar til utvikling av demokratiet. Eit levande lokaldemokrati bør vere høgt prioritert.
Men ressursbruk som går til demokratitiltak bidrar også til effektivitet. Gjennom innbyggjardeltaking skaffar kommunen seg informasjon som er nødvendig for å få til velferdsproduksjon og samfunnsutvikling godt tilpassa innbyggjarane lokalt og lokalsamfunnet sine særskilde behov. Det sikrar samstemming mellom dei forventningane folk har til kommunen og det kommunen leverer. Demokrati betyr også at dei som forvaltar fellesskapet sine ressursar blir stilt til ansvar overfor innbyggjarane for korleis desse ressursane er forvalta. Dette betyr også eit press på kommunen til å forvalte ressursane fornuftig.
Kommisjonen er varsam med å fremje forslag som gjer det obligatorisk for kommunane å setje i verk tiltak for å styrke deltakinga i lokaldemokratiet. Det er den enkelte kommunen som i stor grad må avgjere kva tiltak som skal setjast inn. Det er på den måten tiltaka i størst grad vert i tråd med lokale behov.
Kommisjonen vil at det skal bli enklare for folk å stemme. Her har kommunane ei rekkje verkemiddel. I den grad kommunar innfører valdag på kviledag, sikrar universell utforming av vallokala, fleire mottaksplassar for førehandsrøyser med meir, vil det innebere auka kostnader for den enkelte kommune.
Kommisjonen er positiv til at det vert arbeidd for meir bruk av elektronisk stemmegjeving. Det vil gje innsparingar ved at omfanget av manuelle prosedyrar og kontrollrutinar vert reduserte, men også auka kostnader i form av investeringar i nytt datautstyr.
Kommisjonen åtvarar mot ei utviklinga mot færre politiske verv i kommunane. Ein stopp eller reversering av denne utviklinga vil føre til same eller auka kostnader for kommunane i form av godtgjering til politikarane, dekking av tapt arbeidsforteneste m.m.
Kommisjonen meiner det er viktig at det vert lagt praktisk og økonomisk til rette for deltaking i den representative kanalen. For enkelte kommunar vil betre tilrettelegging nok medfør auka kostnader.
Auke i dei økonomiske overføringane til partia slik kommisjonen føreslår, vil føre til auka utgifter for staten og kommunane.
Kommisjonen oppfordrar kommunane til bruk av ei rekkje verkemiddel for å styrke innbyggjarane si deltaking også mellom vala. Mellom tiltaka som er synleggjorde er utnytting av IKT-mediet, bruk av open budsjettering, tiltak for brukardemokrati og innbyggarhøyring. I seg sjølv vil slike tiltak krevje ressursar. For kommunar som set i verk tiltak for i større grad å gjere det enklare for innbyggjarane å fremje sitt syn og interesser i kommunale avgjerdsprosessar, vil det også ha administrative konsekvensar i form av tilrettelegging for slik deltaking. Det kan skje gjennom etablering av informasjonskanalar mellom innbyggjarane og kommunen eller arenaer for samhandling og dialog mellom representantar frå kommunen og innbyggjarane.
Kommunar som vel å samarbeide med frivillige organisasjonar, vil ha behov for å etablere strukturelle rammer for samarbeidet, korleis det skal organiserast, spesifikasjon av rettar og plikter, etablering av eventuelle samarbeidsorgan med meir. Skal kommunane styrke brukarane sin medverknad må det også kome til uttrykk i institusjonelle ordningar som mogleggjer det. Det kan vere snakk om ulike råd for enkeltgrupper i kommunen, driftstyre med brukarrepresentasjon, brukarpanel, politiske brukarutval osv. Dersom kommunen vel å etablere den type strukturar vil det få økonomiske og administrative følgjer.
Det må også leggjast til rette med rutinar slik at informasjon frå innbyggjarane til kommunen systematisk vert ein del av grunnlaget for kommunale avgjerder. Og det er viktig at innbyggjarane får tilbakemelding om resultatet av deira medverknad. Dette kan skje gjennom aktiv informasjon frå kommunen til innbyggjarane og ved at det vert lagt til rette for offentleg innsyn i kommunal verksemd. For kommunar som vil leggje til rette for slike demokratitiltak vil det medfører endring i administrative og politiske rutinar.
Kommisjonen foreslår etablering av ein nasjonal database om innbyggjarane sitt syn på lokaldemokratiet i eigen kommune. Det vil føre til visse kostnader å etablere ein slik database.