1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av prosjektet E39 Svegatjørn – Rådal i Os og Bergen kommunar i Hordaland.
E39 mellom Os og Bergen har svært låg standard ut frå trafikkmengda og vegen sin funksjon. Prosjektet omfattar bygging av firefelts veg i ny trasé mellom Svegatjørn i Os kommune og Rådal i Bergen kommune, i hovudsak i tunnel. I tillegg blir ei strekning av rv 580 Flyplassvegen lagt i ny trasé og kopla saman med E39. Det skal etablerast tre kryss, og ei strekning av fv 163 blir rusta opp. Utbygginga vil gi store framkommelegheitsgevinstar for trafikantane.
Finansieringa er basert på statlege midlar og bompengar. Prosjektet er mellom anna omtalt i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023, side 283, og Prop. 1 S (2013–2014), side 105. E39 Svegatjørn – Hop var omtalt alt i St. meld. nr. 37 (1996–97) Norsk veg– og vegtrafikkplan 1998–2007. Det blei der vurdert som aktuelt med anleggsstart i siste del av tiårsperioden (2002–2007). Prosjektet er seinare blitt utvida. Den lokalpolitiske behandlinga av finansieringsopplegget blei gjennomført i 2008, og sak om detaljert plassering av bomstasjonane blei behandla lokalpolitisk i 2010. Det har vore kostnadsauke og omreguleringar, og dei statlege midlane er blitt auka vesentleg. Arbeidet med å leggje til rette for deponering av eit stort masseoverskot har vore tidkrevjande. Nødvendige avklaringar for å fremje bompengeproposisjonen har difor ikkje vore til stades tidlegare.
Det er lagt opp til anleggsstart i 2015, med opning for trafikk i 2021–2022.