6 Fylkeskommunal garanti
Gjennom vedtak i fylkestinget 11. juni 2014 har Hordaland fylkeskommune stilt sjølvskuldnargaranti for eit maksimalt bompengelån på 3,5 mrd. kr, jf. kap. 4. Garantien må godkjennast av Kommunal– og moderniseringsdepartementet.
Garantisten sitt utlegg kan dekkjast gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.