3 Trafikkgrunnlag
Som grunnlag for fastsetjinga av trafikkgrunnlaget er det gjennomført analysar med den regionale transportmodellen (RTM). For Bergensområdet er det etablert ein delområdemodell basert på dette modellverktøyet. I tillegg er det gjennomført tilleggsanalysar basert på reisevaneundersøkinga (RVU) 2008 for Bergensområdet, trafikkteljingar og erfaringstal.
I 2009 var årsdøgntrafikken i bomstasjonssnitta på eksisterande veg (E39 og fv 163) 13 180 kjøretøy. Dette blei lagt til grunn som basis i trafikkanalysen. Det er utarbeidd tre ulike prognosar; låg, middels og høg trafikk. I det følgjande er prognosen for middels trafikk nytta.
Ved opninga av ny E39 er det rekna med ein auke i trafikken på 7 pst. Det er vidare rekna med at trafikken blir redusert med 20 pst. ved innføring av bompengeinnkrevjing. Det er venta ein årleg trafikkvekst på 2,0 pst. i perioden 2014–2020, 1,4 pst. i perioden 2020–2030 og 1,0 pst. i perioden 2030–2040. Fram til 2020 er dette litt høgare enn fylkesprognosane for Hordaland som blei utarbeidde i samband med Nasjonal transportplan 2014–2023. Frå 2020 er det lagt til grunn same trafikkvekst som i fylkesprognosane.
Det er i all hovudsak semje mellom Statens vegvesen og den eksterne konsulenten om føresetnadene for trafikkgrunnlaget, inkl. den årlege trafikkveksten, og bompengeinntektene. For å redusere uvissa tilrådde den eksterne konsulenten at det blir gjennomført nye teljingar av trafikken.
Dei fem første månadene i 2014 har Statens vegvesen gjennomført kontinuerlege teljingar av trafikken på E39 og fv 163. Teljingane viser ein auke i trafikken på om lag 4 pst. samanlikna med framskrivne tal frå trafikkanalysen. Trafikkgrunnlaget som er nytta i finansieringsanalysen, er justert opp tilsvarande. Etter dette er det lagt til grunn ein årsdøgntrafikk på 14 900 kjøretøy i basisåret 2014.