7 Samferdselsdepartementet si vurdering
Samferdselsdepartementet viser til at utbygginga vil eliminere ein flaskehals på E39 og utbetre ei ulykkesbelasta og miljøbelasta strekning av E39 med stor trafikk. I tillegg er utbygginga viktig for næringsutviklinga i aksen Os – Bergen, og for å styrke kontakten mellom viktige vekstområde langs E39 på heile strekninga mellom Stavanger og Bergen. Utbygginga vil også eliminere ein flaskehals på rv 580 til Bergen lufthamn Flesland.
Samferdselsdepartementet viser til at E39 Svegatjørn – Hop var omtalt alt i St. meld. nr. 37 (1996–97) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998–2007. Det blei vurdert som aktuelt med anleggsstart i slutten av tiårsperioden. Prosjektet er seinare blitt utvida. Det har vore kostnadsauke og omreguleringar i prosjektet, og dei statlege midlane er blitt auka vesentleg. Regjeringa legg no fram eit opplegg for utbygging og finansiering av prosjektet.
I dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn parallell- og etterskotsinnkrevjing i til saman 18 år. Samferdselsdepartementet viser til at det i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 er presisert at etterskotsinnkrevjing skal vere hovudregelen og at parallellinnkrevjing kun bør tillatast i avgrensa omfang, hovudsakeleg i bypakker. I Meld. St. 26 (2012–2013) er det vidare presisert at planlagt bompengeperiode for eit enkeltprosjekt som hovudregel skal vere 15 år etter trafikkopning. På bakgrunn av dei lokalpolitiske vedtaka meiner Samferdselsdepartementet at det i denne proposisjonen kan leggjast til grunn etterskotsinnkrevjing i 18 år.
Som omtalt i Prop. 97 S (2013–2014), legg regjeringa opp til ei omorganisering av bompengesektoren frå dagens mange bompengeselskap til eit fåtal selskap. Dette kan gi kutt i administrasjonskostnader og føre til ei meir effektiv drift. I tillegg vil det kunne redusere lånerenta. For å ytterlegare spare bilistane frå å dekkje store løpande finansieringskostnader, vil regjeringa innføre ei rentekompensasjonsordning for bompengelån. Det er ein føresetnad at lokale styresmakter forpliktar seg til å leggje prosjektet inn i eit av dei nye bompengeselskapa når dei er etablerte.