4 Lokalpolitisk behandling
Sak om delvis bompengefinansiering av prosjektet blei lagt fram til lokalpolitisk behandling våren 2004. Bergen bystyre, Os kommunestyre og Hordaland fylkesting slutta seg til opplegget for delvis bompengefinansiering.
Revidert opplegg var på høyring våren/sommaren 2008. Bergen bystyre behandla saka 24. juni 2008 og fatta følgjande vedtak:
«1. Med henvisning til foreliggende søknad av 25.4.2008 fra Bergen – Os bompengeselskap as og de forutsetninger som der fremgår, gir Bergen kommune sin prinsipielle tilslutning til søknad om tillatelse til bompengefinansiering med innkreving etter alternativ P2 med de vilkår som er beskrevet i saken.
2. For å holde bompengetakstene på et lavest mulig nivå, oppfordres til at statlige bevilgninger til prosjektet skjer tidligst mulig i perioden 2014–2019.»
Os kommunestyre behandla saka 20. mai 2008 og fatta følgjande vedtak:
«1. Os kommunestyre syner til godkjente reguleringsplanar for parsellen E39 Svegatjørn–Rådal og Rådalskrysset. Plangrunnlaget for Kyststamvegen E39 Svegatjørn – Rådal medtilknyting til Fritz Riebers veg (rv553) og tilknyting mellom Fritz Riebers veg og Flyplassvegen (rv580) er dermed komplett.
2. Os kommunestyre syner òg til tidlegare handsaming av saka i Os kommunestyre 23.03.04 og 18.12.08. Basert på transportetatane sitt framlegg til NTP 2010–19 og politiske signal frå statlege styresmakter synes det ikkje lenger realistisk å få 50/50 deling av prosjektkostnaden mellom bompengar og statlege midlar. I utkast til NTP 2010–19 er prosjektet ført opp med ca. 30 % statleg finansiering, og skjøvet ut i tid til siste del av planperioden.
3. Os kommune sluttar seg difor til den reviderte tilrådinga i bompengesøknaden datert 25.04.08 frå styret for Bergen–Os Bompengselskap AS. Dette inneber ei bompengeinnkrevjing med gjennomsnittleg inntekt pr køyretøy på maksimalt kr 30 kvar veg med innkrevjing i 4+14 år (4 år parallellinnkrevjing på eksisterande vegar frå 2010 og innkrevjing etterskotsvis i 14 år på ny og gamal E39 og F163 jfr. alternativ P2 i bompengesøknaden). Etter dagens reknemodell vil dette gi ein kostnad, utan rabatt, på om lag kr 41 pr passering for liten bil og kr 82 for tunge køyretøy. Med 40% rabatt (Autopass) vil takstane bli høvesvis 25 og 50 kr for liten og stor bil.
4. Av samla prosjektkostnad på 3.336 mill kroner, vil dette gi ein statleg del av finansieringa på rundt 40 prosent, tilsvarande 1.360 mill kroner. For å halda bompengetaksten nede, må dei statlege løyvingane komma så tidleg som råd i perioden 2014–19.
5. Os kommunestyre syner til brev frå Statens Vegvesen av 22.11.07 vedr. Bompengesøknad for E39 Svegatjørn–Rådal og seinare møte med politisk leiing i Samferdselsdepartementet, der det vert slått fast at bompengesøknaden først kan slutthandsamast i Stortinget parallelt med deira handsaming av NTP 2010–19 våren 2009. For å sikre raskast mogeleg oppstart av vegarbeida etter at endeleg godkjenning ligg føre i Stortinget, ber Os kommunestyre difor om at Bergen–Os Bompengeselskap AS evt. Med garantiar/støtte frå eigarkommunane søkjer Statens Vegvesen om å få forskottera prosjekteringsmidlar til prosjektet. Os kommunestyre legg til grunn byggjestart for prosjektet i 2010, og ferdigstilling i 2013/14.»
Fylkestinget behandla saka 11. juni 2008 og fatta følgjande vedtak:
«1. Fylkestinget rår til at bompengesøknaden frå Bergen – Os Bompengeselskap A/S datert 29.04.08 vert godkjend etter bompengealternativ P2 i søknaden.
2. For å halda bompengetaksten nede på eit lågast mogeleg nivå ber fylkestinget om at dei statlege løyvingane må koma så tidleg som råd er i perioden 2014 – 2019.
3. Fylkestinget tek atterhald om punkt 1, og 2 i vedtaket dersom dette avvik vesentleg frå den lokalpolitiske handsaminga av bompengesøknaden i kommunane Os og Bergen.
Sak om detaljert plassering av bomstasjonane blei lagt fram for Bergen og Os kommunar i 2010.
Bergen kommunestyre behandla saka 31. mai 2010 og fatta følgjande vedtak:
«1. Bergen kommune anbefaler plassering av bomstasjoner i tre snitt på kommunegrensen mellom Os og Bergen. Bommene plasseres i tråd med anbefalinger i Statens vegvesens rapport datert februar 2010.
2. Det etableres fritaksordninger for innbyggerne i Nordvik og innbyggerne langs E39 mellom Vallaheiane og Søfteland.
3. Bergen kommune anbefaler primært at fritaket etableres i tråd med Samferdselsdepartementets retningslinjer for fritak i to boligområder i Trondheim (Klett og Være).
4. Bergen kommune vil alternativt anbefale at det etableres fritaksordninger for innbyggerne i Nordvik og innbyggerne langs dagens E39 basert på prinsippet med to bommer, i tråd med alternativer utredet i Statens vegvesens rapport datert februar 2010.»
Os formannskap behandla saka 15. juni 2010 og fatta følgjande vedtak:
«Os kommune rår til eit system med bomstasjonar på kommunegrensa for eksisterande E39 og Fv 163, og i dagsone for kryss i Endelausmarka for ny E39.
Os kommune rår til at det vert etablert fritaksordning for dei som bur langs E39 mellom Vallaheiane og Søfteland, og i Nordvik – i tråd med Samferdselsdepartementet sine retningslinjer for fritak i to bustadområde i Trondheim (Klett og Være).
Alternativt rår Os kommune til at det vert etablert fritaksordning for dei same områda basert på prinsipp med to bommar, i samsvar med dei alternativa som Statens vegvesen har utgreidd i rapport datert februar 2010.»
Hordaland fylkesting behandla sak om å stille garanti for bompengelånet i møte 11. juni 2014. Det blei fatta følgjande vedtak:
«Hordaland fylkeskommune gjev sjølvskuldnargaranti for lån på inntil 3 500 mill. kr (2014 kr) som Bergen–Os Bompengeselskap AS tar opp til finansiering av E39 Svegatjørn – Rådal.
Garantiperioden strekkjer seg fram til utgangen av 2038.»