1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
I proposisjonen gjer departementet framlegg om dessa endringane i forvaltningslova og straffegjennomføringslova:
innføring av eit heimelsgrunnlag for behandling av personopplysningar i kriminalomsorga
presisering av kva for opplysningar som er omfatta av teieplikta i benådningssaker
presisering av kven teieplikta til tenestemenn gjeld
regulering av teieplikta til tenestemenn når det gjeld forhold som kan påverke tryggleiken ved straffegjennomføring utanfor fengsla
paragrafoverskrift til straffegjennomføringslova § 7a
konsekvensendring av straffegjennomføringslova § 7 bokstav f og § 44 fjerde ledd
Kapittel 2 beskriv bakgrunnen for lovframlegga. I kapittel 3 vurderer departementet forholdet mellom lovframlegga og dei menneskerettslege forpliktingane Noreg har.
Kriminalomsorga behandlar svært mange personopplysningar om domfelte og innsette - også opplysningar som er klart sensitive. I tillegg behandlar kriminalomsorga personopplysningar om for eksempel pårørande og andre som har kontakt med eller prøver å få kontakt med domfelte eller innsette. Framlegget om heimelsgrunnlag for behandling av personopplysningar i kriminalomsorga har som formål å beskytte enkeltindivida mot at personvernet blir krenkt (kapittel 4).
Departementet gjer framlegg om reglar om innsyn som inneber eit klarere heimelsgrunnlag for innsyn i benådningssaker. Openheit om kven som blir benåda kan bidra til å styrkje legitimiteten til benådingsordninga, auke forståinga for benåding som institutt og medverke til at praksisen i benådingssaker er i tråd med det allmenne rettsmedvitet (kapittel 5).
Framlegga om teieplikt i straffegjennomføringslova § 7 bokstav h skal klargjøre kven plikta gjeld og sikre at det gjeld einsarta reglar for teieplikt om forhold som kan påverke tryggleiken, anten straffegjennomføringa skjer i eller utanfor fengsel (kapittel 6).
I tråd med systematikken elles i straffegjennomføringslova bør § 7a ha ei overskrift som fortel kort kva paragrafen handlar om (kapittel 7).
I kapittel 8 gjer departementet framlegg om ei endring i straffegjennomføringslova § 7 bokstav f om unnatak frå rett til å klage på avgjerder i kriminalomsorga etter straffelova § 54 nr. 1 og 2. Framlegget i kapittel 9 gjeld ei mindre endring i straffegjennomføringslova § 44 fjerde ledd, som følgjer av at ei domstolsavgjerd om fullføring av fengselsstraff på vilkår med verknad frå 1. januar 2006 skal vere dom og ikkje orskurd, jf. dei endringane i straffelova 1902 §§ 28a og 28b som blei vedtekne ved lov 20. mai 2005 nr. 28.