11 Merknader til dei enkelte føresegnene
11.1 Endringar i forvaltningslova
Til § § 13a nytt pkt. 4
Forvaltningslova § 13 må forståast slik at teieplikta ikkje er til hinder for at opplysningar om ein namngjeven person er benåda eller ikkje og kva for reaksjon han eller ho blir benåda til, vert gjort kjend. Lovframlegget er ei presisering av denne forståinga slik at det ikkje skal vere tvil om kva opplysningar det kan krevjast innsyn i.
Føresegna gjeld innsyn i alle benådingssaker om frihetsstraff og bøter. Bota kan vere fastsett ved dom eller førelegg.
Det gjeld truleg teieplikt for sjølve søknaden om benåding, og i alle fall kan det gjerast unntak etter offentleglova § 24 andre ledd om lovbrot. Det gjeld ikkje teieplikt for sjølve avgjerda om ein namngjeven person har fått benåding eller ikkje, så frå det tidspunktet det ligg føre ei endeleg avgjerd kan det heller ikkje gjelde teieplikt for at det er søkt om benåding. Namnet kan då gjevast ut i søknader òg, dersom det ikkje avslører andre tilhøve som er omfatta av teieplikt. Unntakshøvet etter offentleglova § 24 andre ledd vil heller ikkje gjelde etter at det er teke avgjerd om det skal gjevast nåde eller ikkje. Slik sett vil det gjelde rett til innsyn i søknader etter at avgjerd er teke, sjølvsagt med teieplikt for andre personlege tilhøve som helse, rusbruk osv.
I praksis gir departementet den som krev innsyn, kopi av kommuniseringsbrevet til påtalemakta, der utfallet av benådingssaka og kva for reaksjon vedkomande er blitt benåda til går fram.
Innsyn i dokumenta i benådingssaka følgjer reglane i offentleglova om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd, jf. offentleglova § 3.
Om bakgrunnen for endringa, sjå kapittel 5.
11.2 Endringar i straffegjennomføringslova
Til ny § 4a
Føresegna presiserer at personopplysningslova gjeld med utfyllande reglar som er fastsette i kapittel 1a. Presiseringa er teken inn av pedagogiske grunnar.
Til ny § 4b
Føresegna definerer kven som har ansvaret for å behandle personopplysningar i kriminalomsorga. Behandlingsansvarleg er den som etter lov eller forskrift aleine eller saman med andre avgjer formålet med behandlinga og kva for hjelpemiddel som skal brukast. Sidan det overordna formålet med behandlinga er fastsett i straffegjennomføringslova, er det her sikta til det konkrete formålet med behandlinga, som må liggje innanfor dei rammene som er trekte opp i § 4c. Behandlingsansvaret bør plasserast der behandlinga skjer.
I motsetning til det som er tilfellet etter personopplysningslova, kan ein etter denne føresegna ha to behandlingsansvarlege med delt behandlingsansvar. Dette kan vere praktisk for sentrale system som for eksempel Kompis. Den konkrete oppgåvefordelinga må fastsetjast i forskrift eller retningslinjer. Det daglege behandlingsansvaret - den praktiske gjennomføringa - kan delegerast.
Den behandlingsansvarlege har ein rekkje plikter etter lova og skal sjå til at behandlinga skjer i samsvar med regelverket.
Til ny § 4c
Føresegna fastset uttrykkjelege formål for behandling av personopplysningar i kriminalomsorga. Formåla er nærmare opplista i bokstav a-e.
Etter bokstav a kan kriminalomsorga behandle personopplysningar som er nødvendige for å gjennomføre straffa eller varetekta på ein forsvarleg måte. Typiske opplysningar er for eksempel personalia for domfelte og innsette, dommen, anna innsetjingsgrunnlag og varetektsfrådrag. Vidare gjeld føresegna for opplysningar om hendingar under gjennomføringa, for eksempel eineromsinnsetjing, registrering av utgangar o.a.
Det er også nødvendig å behandle opplysningar om dei nærmaste pårørande, besøkjande, arbeidsgivarar ved frigang og ved straffegjennomføring utanfor fengsel, kontaktpersonar på skole, kontaktperson i behandlingstiltak eller andre støttekontaktar. Det same gjeld opplysningar om familiemedlemmer viss dei bur saman med domfelte som gjennomfører straff med elektronisk kontroll eller har anna straffegjennomføring heime etter straffegjennomføringslova § 16. Mange av desse opplysningane fell også inn under bokstav b og c.
Bokstav b omfattar alle personopplysningar som er nødvendige for å halde oppe ro og orden og sørgje for tryggleiken til tilsette, innsette, domfelte og samfunnet elles. Personopplysningar som kan påverke tryggleiken, er da alle dei opplysningane som kriminalomsorga skal leggje vekt på ved tryggleiksvurderinga, jf. pkt. 1.8 i retningslinjene til straffegjennomføringslova med forskrift. Det kan vere tidlegare dommar, disiplinærbrot under tidlegare eller noverande straffegjennomføring, rømming og rømmingsforsøk. Opplysningar om rusproblem speler også ei rolle når det gjeld tryggleiken, sameleis informasjon frå rettspsykiatriske erklæringar, episodar med utagerande åtferd og bruk av tvangsmiddel. Opplysningar om innsette som av omsyn til tryggleiken ikkje må ha kontakt med kvarandre, kan dessutan behandlast etter dette alternativet, på same vis som dokumenterte opplysningar om tilknyting til kriminelle miljø.
Etter bokstav c kan kriminalomsorga behandle personopplysningar som er nødvendige for å sikre innsette og domfelte tilfredsstillande forhold under gjennomføringa og tilby dei eit innhald som skal bidra til å motverke ny kriminalitet. Kriminalomsorga kan såleis behandle opplysningar om arbeidet og utdanninga til domfelte og innsette, det behovet dei har for arbeidstrening, osv. Vidare kan helseopplysningar som kan påverke tilrettelegginga av gjennomføringa - for eksempel matallergi, behov for medisinar, tilsyn og liknande - behandlast etter denne føresegna. Opplysningar om rusproblem kan, i tillegg til å vere opplysning som påverkar tryggleiken, også spele ei rolle når det gjeld trygging av helsa til domfelte og innsette, rehabiliteringa av dei osv.
Berre personopplysningar som verkar direkte inn på valet av tiltak under gjennomføringa, kan behandlast etter bokstav c. Dette formålet er i tråd med straffegjennomføringslova § 2, som viser til at straffa skal gjennomførast på ein måte som motverkar nye straffbare handlingar. Rett nok viser bokstav b til oppehaldinga av ro og orden og tryggleiken i samfunnet, men det dekker ikkje alle straffbare forhold.
Det er viktig å trekkje grensa mellom helseopplysningar som berre helsetenesta kan behandle, og opplysningar som er nødvendige for ei forsvarleg og tilrettelagd straffegjennomføring.
Føresegna i bokstav d skal sikre dei rettane barn har til samvær med foreldra og til sikkerheit og tryggleik under samværet, og er omtalt nærmare under § 4d bokstav d.
Bokstav e gir ein uttrykkjeleg heimel for å behandle personopplysningar som er nødvendige for å varsle den fornærma eller dei etterlatne. Personopplysningar etter denne føresegna er for eksempel opplysningar om telefonnummer og adresse. Ei oversikt over varslingsreglane går fram av straffegjennomføringslova § 7b.
Til ny § 4d
Føresegna tek sikte på å avgrense kven kriminalomsorga kan behandle personopplysningar om.
Bokstav a regulerer behandlinga i kriminalomsorga av personopplysningar om domfelte og innsette. Med domfelte er det meint alle som er dømde til ei straff, og som gjennomfører straffa i kriminalomsorga anten i eller utanfor fengsel. Også prøvelauslatne fell inn under dette omgrepet. Med innsett er det meint alle som er i fengsel anten dei gjennomfører straff, er varetektsfengsla, er gripne eller er innsette i fengsel på eit anna grunnlag.
Etter bokstav b kan kriminalomsorga behandle opplysningar om pårørande og andre som har kontakt med eller prøver å få kontakt med den domfelte eller innsette. Typiske eksempel er opplysningar om
nærmaste pårørande som skal varslast viss det skjer noko
besøkjande
sambuarar når straffegjennomføringa skjer utanfor fengsel
personar som vil medverke til at ein domfelt eller innsett kan halde oppe eller skape seg eit sosialt nettverk
kontaktpersonar på skole og arbeidsplass
arbeidsgivarar
Føresegna avgrensar behandlinga i kriminalomsorga til å gjelde opplysningar om personar som har tilknyting til eller sjølv har gjort noko aktivt for å ta kontakt med ein innsett.
Etter bokstav c kan ein også registrere namnet og adressa til handverkarar eller andre som har eller søkjer om å få tilgjenge til fengselsområdet.
Etter bokstav d kan kriminalomsorga behandle opplysningar om barn av domfelte eller innsette og pårørande til barnet eller andre omsorgspersonar. Formålet med føresegna er å sikre den retten barn har til samvær med foreldra og til sikkerheit og tryggleik, under samværet, jf. § 4c bokstav d. Den retten barn har til samvær med foreldre følgjer av FN-konvensjonen om rettane til barnet og av straffegjennomføringslova § 3 andre ledd. Departementet har valt å gjere framlegg om ei eiga føresegn om dette fordi det her kan vere aktuelt å behandle svært sensitive opplysningar om andre omsorgspersonar barnet har, som ikkje nødvendigvis har noka tilknyting til den domfelte eller innsette eller til kriminalomsorga elles. Departementets meiner at dette er eit område der heimelen for behandling av personopplysningar må vere ekstra tydeleg.
Til § 4e
Føresegna inneheld krav om forskriftsregulering av behandlinga. Forskrifta skal innehalde reglar om kva for rettsleg grunnlag som heimlar behandlinga, formålet med behandlinga, kven som er behandlingsansvarlig, kva for kategoriar av opplysningar som kan registrerast, kven i kriminalomsorga som har tilgjenge til opplysningane, høvet til å levere ut opplysningane, informasjonsplikt, innsyn, retting, sperring og sletting av opplysningar, informasjonstryggleik og internkontroll. Opprekninga er ikkje uttømmande. Forskrifta tek til å gjelde samtidig med lova.
Om bakgrunnen for framlegget til ny §§ 4a-4e, sjå kapittel 4.
Til § 7 bokstav f
Ved vilkår om narkotikaprogram og program mot ruspåverka køyring kan kriminalomsorga bringe saka inn for retten med krav om orskurd eller dom etter straffelova 1902 § 54 nr. 1 og 2. På same måten som ved prøvelauslating (straffegjennomføringslova § 44 andre ledd) og samfunnsstraff (straffegjennomføringslova § 58 andre ledd) er det behov for eit uttrykkjeleg unnatak frå høvet til å klage på avgjerda i kriminalomsorga om å bringe saka inn for retten. Om bakgrunnen for endringa, sjå kapittel 8.
Til § 7 bokstav h
Føresegna presiserer at alle som gjer teneste i kriminalomsorga, også har teieplikt om forhold som kan påverke tryggleiken i samband med gjennomføringa av straff utanfor fengsla. Føresegna presiserer dessutan at teieplikta òg gjeld for oppdragstakarar innafor kriminalomsorga, så som leverandørar, håndverkarar o.a. Om bakgrunnen for endringa, sjå kapittel 6.
Til § 7a overskrift
I tråd med systematikken elles i lova har paragrafen fått ei overskrift som kort fortel kva paragrafen handlar om. Om bakgrunnen for endringa, sjå kapittel 7.
Til § 44 fjerde ledd
Endringa er ei nødvendig følgje av at ei domsavgjerd om fullføring av reststraff etter prøvelauslating med verknad frå 1. januar 2006 skal vere dom og ikkje orskurd, jf. Ot.prp. nr. 90 (2003-2004). Om bakgrunnen for endringa, sjå kapittel 9.
11.3 Ikraftsetjing
Lova tek til å gjelde frå det tidspunktet Kongen fastset. Kongen kan setje i kraft dei enkelte føresegnene til ulik tid.
Det skal utarbeidast forskrifter før lova tek til å gjelde, jf. § 4 e.