3 Forholdet til dei menneskerettslege forpliktingane Noreg har
3.1 Generelt
Lovframlegga om behandling av personopplysningar i kriminalomsorga og om innsyn i benådingssaker rører ved dei menneskerettslege forpliktingane Noreg har når det gjeld å tryggje retten til personvern og til vern om privatlivet for borgarane. Lovframlegget må derfor vurderast opp mot desse forpliktingane, især EMK artikkel 8 og 10.
EMK gjeld etter menneskerettslova av 21. mai 1999 nr. 30 § 2 som norsk rett, og etter menneskerettslova § 3 skal denne konvensjonen gå føre anna lovgiving ved motstrid. Nye lovføresegner må utformast slik at dei ikkje bryt med dei menneskerettslege forpliktingane Noreg har.
Den føresegna som har størst interesse når ein skal vurdere lovframlegget om behandling av personopplysningar i kriminalomsorga i høve til dei menneskerettslege forpliktingane Noreg har, er EMK artikkel 8, som lyder slik:
Enhver har rett til respekt for sitt privatliv og familieliv, sitt hjem og sin korrespondanse.
Det skal ikke skje noe inngrep av offentlig myndighet i utøvelsen av denne rettighet unntatt når dette er i samsvar med loven og er nødvendig i et demokratisk samfunn av hensyn til den nasjonale sikkerhet, offentlige trygghet eller landets økonomiske velferd, for å forebygge uorden eller kriminalitet, for å beskytte helse eller moral, eller for å beskytte andres rettigheter og friheter.»
Inngrep i EMK artikkel 8 må stette krava i EMK artikkel 8 (2) for at dei ikkje skal vere konvensjonsstridige. Inngrepet må da ha heimel i lov og vere nødvendig i eit demokratisk samfunn for å oppfylle eit legitimt formål. Vilkåra er kumulative.
3.2 Framlegg til heimelsgrunnlag for behandling av personopplysningar i kriminalomsorga
Personopplysningslova tok til å gjelde 1. januar 2001 saman med forskrifter til lova. Lova gjennomfører direktiv 95/46/EF frå Europaparlamentet og rådet om vern av personopplysningar (personverndirektivet) i norsk rett. Personverndirektivet er ein del av EØS-avtalen, og Noreg er rettsleg forplikta til å ha eit regelverk som heile tida er i samsvar med direktivet. Avgjerder frå EF-domstolen om forståinga av personverndirektivet påverkar såleis også Noreg.
Departementet meiner at den heimelen for behandling av personopplysningar i kriminalomsorga som det er gjort framlegg om, er i samsvar med dei krava personopplysningslova (og personverndirektivet) set. Her viser departementet også til at dei lovheimlane i straffegjennomføringslova som det er gjort framlegg om, kjem til å bli utfylte med meir detaljerte føresegner i form av forskrift.
Kriminalomsorga behandlar til dels svært sensitiv informasjon om domfelte, innsette og dei som er pårørande. Det blir lagt til grunn at dette i mange tilfelle representerer eit inngrep i privatlivet deira. For at ein skal kunne gjere dette, krev EMK at inngrepet må ha heimel i lov, og at det er nødvendig for å tryggje dei omsyna som er nemnde i EMK artikkel 8 nr. 2. I tillegg må inngrepet ikkje stå i mishøve til dei omsyna som skal tryggjast.
Departementet gjer framlegg om ein lovheimel for behandling av personopplysningar i kriminalomsorga som set rammer for kva for formål som gir rett til å kunne behandle personopplysningar, jf. framlegget til ny § 4c i straffegjennomføringslova. Det blir òg gjort framlegg om ein regel om kva for personar kriminalomsorga kan behandle personopplysningar om, jf. utkastet § 4d. Etter EMK artikkel 8 må behandlinga av personopplysningar i kriminalomsorga vere nødvendig for å oppnå formålet. For å kunne gjennomføre dei reaksjonane som er nemnde i straffegjennomføringslova § 1, må kriminalomsorga behandle opplysningar om personalia, dom, orskurd eller anna innsetjingsgrunnlag, restriksjonar under varetekt osv. for domfelte og innsette. Det er liten tvil om at dette er nødvendig, og at det ikkje er noko mishøveleg inngrep.
For å ta vare på tryggleiken og halde oppe ro og orden meiner departementet at ein også må behandle opplysningar om kva den innsette er dømd for, kva han eller ho tidlegare er dømd for, disiplinærbrot under straffegjennomføring og liknande opplysningar som seier noko om kva for sikkerheitstiltak som trengst for å gjennomføre ein reaksjon på ein trygg måte. I samband med dette kan ein også måtte behandle opplysningar om helsa til domfelte og innsette, særleg den psykiske helsa. Det er òg nødvendig å behandle tilsvarande opplysningar om personar som har kontakt med den innsette under soning, for å få til ei sikker gjennomføring av straffereaksjonen. Når ein tek omsyn til at straffereaksjonar og andre reaksjonar skal gjennomførast på ein måte som verkar trygg for den innsette og domfelte sjølv, for andre innsette, tilsette og samfunnet elles, jf. straffegjennomføringslova §§ 2 og 3, meiner departementet at det er nødvendig å behandle denne typen personopplysningar, og at det ikkje representerer noko mishøveleg inngrep.
Kriminalomsorga skal også leggje til rette for rehabilitering og for at domfelte og innsette får dei tenestene dei har krav på frå andre etatar, jf. straffegjennomføringslova §§ 3 og 4. For å få til det må ein hente inn og behandle opplysningar om utdanning, arbeid, buforhold, helseforhold osv. Dette er tiltak som tek sikte på å tryggje interessene til innsette og domfelte, og behandling av slike personopplysningar blir ikkje rekna som noko mishøveleg inngrep. Men det må lagast forskrifter som sikrar at det berre er opplysningar som trengst for å gjennomføre dei nemnde tiltaka, som kan behandlast.
Heimelen for å behandle personopplysningar om barn av domfelte og innsette (framlegget § 4d bokstav d) må vurderast særskilt. Barn har same vern som vaksne etter EMK. I tillegg er Noreg forplikta av Barnekonvensjonen, der utgangspunktet er at ein skal ta omsyn til kva som er det beste for barnet, jf. artikkel 3 nr. 1. Barnekonvensjonen har også ei eiga føresegn i artikkel 16 om den retten barn har til personvern.
Framlegget til § 4d bokstav d må sjåast i samanheng med formålsføresegna i § 4c bokstav d. Behandling av personopplysningar om barn og pårørande til barn skal berre skje for å tryggje den retten barn har til samvær med foreldre, og sørgje for sikre og trygge tilhøve under samværet. Når formålet er å tryggje retten til samvær, er det i praksis berre nødvendig å registrere namnet, alderen og adressa til barnet i samband med besøk i fengselet eller når innsette får permisjon heim til barna sine. Det same gjeld for personar som barnet bur saman med, og som har omsorga for det. Ved særordningar som ekstra permisjon, avbrot i straffegjennomføringa osv. som kjem av sjukdom hos barnet, eller andre spesielle forhold, vil ein også kunne behandle opplysningar om dette jamvel om det er meir sensitive opplysningar, sidan formålet her også er til det beste for barnet. Departementet meiner også at det er nødvendig å behandle personopplysningar i samband med det, og at det ikkje er noko mishøveleg inngrep.
I somme tilfelle er kriminalomsorga i tvil om samværet mellom ein innsett og barnet hans eller hennar er til det beste for barnet. Det kan tenkjast at kriminalomsorga, ut frå opplysningar som allereie ligg føre, fryktar for overgrep mot barnet, eller at andre alvorlege forhold peiker mot at det ikkje skal leggjast til rette for samvær mellom den innsette og barnet. Dette er svært problematiske saker, der kriminalomsorga ofte må samarbeide med, og få opplysningar frå, andre etatar - for eksempel barnevernet og politiet. I samband med dette kan det vere heilt nødvendig å behandle opplysningar av svært sensitiv karakter. Formålet er da å sørgje for tryggleiken til barnet og er såleis til det beste for barnet. Departementet kan heller ikkje sjå at dette vil vere noko mishøveleg inngrep, ut frå formålet om tryggleiken til barnet. Også her må det lagast forskrifter som sikrar at det berre er dei mest nødvendige opplysningane som blir behandla.
3.3 Innsyn i benådingssaker
Det vert og i proposisjonen gjort framlegg om å føye til et nytt punkt 4 i forvaltningslova § 13a slik at dette punktet får denne ordlyden:
«at opplysninger om en navngitt domfelt eller botlagt er benådet eller ikke, gjøres kjent.»
Bakgrunnen for dette framlegget til endring er omsynet til å få eit klarere heimelsgrunnlag for innsyn i benådingssaker. Samtidig kan det i retten til innsyn liggje eit trugsmål mot personvernomsyn og omsynet til fred i privatlivet. Ein må derfor gjere ei interesseavveging mellom to viktige prinsipp, retten til vern om privatlivet og offentlegprinsippet, sjå Grl. § 100 femte ledd.
EMK artikkel 10 lyder slik:
Enhver har rett til ytringsfrihet. Denne rett skal omfatte frihet til å ha meninger og til å motta og meddele opplysninger og ideer uten inngrep av offentlig myndighet og uten hensyn til grenser. Denne artikkel skal ikke hindre stater fra å kreve lisensiering av kringkasting, fjernsyn eller kinoforetak.
Fordi utøvelsen av disse friheter medfører plikter og ansvar, kan den bli undergitt slike formregler, vilkår, innskrenkninger eller straffer som er foreskrevet ved lov og som er nødvendige i et demokratisk samfunn av hensyn til den nasjonale sikkerhet, territoriale integritet eller offentlege trygghet, for å forebygge uorden eller kriminalitet, for å beskytte helse eller moral, for å verne andres omdømme eller rettigheter, for å forebygge at fortrolige opplysninger blir røpet, eller for å bevare domstolenes autoritet og upartiskhet.»
EMK artikkel 10 omtaler retten til ytringsfridom, medrekna retten til å få opplysningar. Føresegna gir tilvising på ei interesseavveging av andre viktige omsyn, blant anna omsynet til omdømmet og rettane til andre, jf. artikkel 10 nr. 2.
Framlegget inneber at alle kan få innsyn i opplysningar om kven som er benåda for straff, og om kven som har fått avslag på ein søknad om benåding. Ein kan og få opplysningar om kva for reaksjon domfelte ble benåda til. Dommar og rettsmøte er i utgangspunktet offentlege, og konsekvensomsyn taler for at det også skal vere offentleg om den straffa ein person har fått, blir ettergitt ved benåding eller ikkje. I tillegg er offentlegheit i forvaltninga viktig fordi samfunnet skal ha kontroll med at saker blir behandla på ein forsvarleg måte, at det ikkje blir teke utanforliggjande eller usaklege omsyn, og at det ikkje går føre seg usakleg forskjellsbehandling. Desse omsyna må vegast opp mot det behovet den domfelte har for å avgrense innsynet i sensitive opplysningar.
Departementet meiner at omsynet til privatlivet må vike for behovet for offentlegheit når det gjeld namnet på domfelte og utfallet av behandlinga av ein benådingssøknad. Det same gjeld kva for reaksjon domfelte blei benåda til. Derimot inneheld grunngivinga for ein benådingssøknad ofte så sensitive opplysningar at departementet ikkje vil gjere framlegg om at det skal kunne givast innsyn i den.