Prop. 151 L (2009-2010)

Endringar i forvaltningslova og straffegjennomføringslova (behandling av personopplysningar i kriminalomsorga, innsyn i benådingssaker o.a.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for framlegga

Etter ein kontroll hausten 2007 gjorde Datatilsynet 25. januar 2008 vedtak med åtte pålegg om endring eller opphøyr av ulovlege måtar å behandle personopplysningar på i kriminalomsorga. Eitt av pålegga innebar at kriminalomsorga må etablere eit rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar i Kompis (Kriminalomsorgas produktivitetsfremmande informasjonssystem) som er i samsvar med personopplysningslova § 11 første ledd bokstav a, jf. § 9.

Som eit ledd i oppfølginga av kontrollrapporten sette Justisdepartementet blant anna ned fem arbeidsgrupper som skulle kome med framlegg til tiltak for å gjennomføre pålegget frå Datatilsynet. Arbeidsgruppa som greidde ut lovgrunnlaget for behandling av personopplysningar i kriminalomsorga, la fram rapporten sin 31. oktober 2008. I rapporten blir det gjort framlegg om å regulere heimelsgrunnlaget for behandling av personopplysningar i kriminalomsorga i eit eige kapittel i straffegjennomføringslova.

Bakgrunnen for framlegget om innsyn i benådingssaker er blant anna ei oppmoding frå justiskomiteen på Stortinget ved behandlinga av ny offentleglov. I Innst. O. nr. 41 (2005-2006) om lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) skriv justiskomiteen dette (side 4):

« Komiteen er av den oppfatning at behandlingen av benådningssaker bør undergis større grad av åpenhet enn hva tilfellet er i dag. Komiteen viser i denne sammenheng blant annet til den offentlige debatt som oppsto i etterkant av avsløringer om praksis i benådningssaker mot slutten av 2005. Benådningsinstituttet er i likhet med for eksempel rettssystemet vårt avhengig av folkets tillit for å kunne fungere. Komiteen ber derfor Regjeringen om å gjennomgå dagens lovgivning for benådningssaker og komme tilbake til Stortinget med forslag til hvordan mer åpenhet kan implementeres.»

Som justiskomiteen peiker på, var innsynsretten tema i ei sak frå 2005 der Justisdepartementet nekta Dagens Næringsliv innsyn i dokument og opplysningar i ei benådingssak. Dagens Næringsliv klaga saka inn for Sivilombodsmannen, som konkluderte slik:

«Sammenfatningsvis finner jeg at det knytter seg begrunnet tvil til forhold av betydning i saken. Sakens utfall - om vedkommende ble benådet eller ikke - kan etter min mening ikke unntas med den begrunnelsen at dette er en taushetsbelagt opplysning. Jeg kan heller ikke se at advokatens navn kan unntas. Når det gjelder premissleverandørene for helseforhold, er jeg imidlertid enig med departementet at dette etter dagens regelverk er å anse som taushetsbelagte opplysninger fordi det vil kunne avsløre et sensitivt klientforhold. Da sakens utfall og advokatens navn nå forutsettes kjent, er det ikke grunnlag for å be departementet vurdere den foreliggende saken på nytt. Jeg forutsetter imidlertid at departementet merker seg mine synspunkter for fremtiden.

Saken viser at innsyn i straffesaken og innsyn i benådningssaken følger ulike regelverk. Personlige opplysninger, som for eksempel opplysninger om helse, vil i stor utstrekning være offentlige i en rettsprosess, mens spørsmål om benådning er en forvaltningsavgjørelse, hvor reglene om forvaltningsrettslig taushetsplikt kommer til anvendelse. Hvorvidt denne forskjellen i regelverket skal opprettholdes, er opp til lovgiver å ta stilling til. Jeg antar at departementet fortløpende vurderer om det er grunn til å foreslå særskilte regler om offentlighet i benådningssaker.»

Frå 1. september 2008 starta kriminalomsorga eit toårig prøveprosjekt i seks utvalde fylke der den domfelte kan søkje om få å sone ei vilkårslaus fengselsstraff heime med elektronisk kontroll, jf. straffegjennomføringslova § 16 andre ledd. Etter ei vurdering av om søkjaren er eigna, kan kriminalomsorga gi samtykke til slik soning når fengselsstraffa eller resttida fram til venta prøvelauslating er inntil fire månader. Innføringa av straffegjennomføring med elektronisk kontroll gjer det nødvendig å endre reglane om teieplikt i straffegjennomføringslova § 7 bokstav h. Framlegget presiserer at alle som gjer teneste i kriminalomsorga, også har teieplikt om forhold som kan påverke tryggleiken ved gjennomføring av straff utanfor fengsla. Samstundes blir det gjort framlegg som presiserar at teieplikta til tenestemenn og gjeld enhver som er tilsatt i eller utfører teneste eller arbeid for kriminalomsorga. Lovframlegget om å presisera kven teieplikta til tenestemenn gjeld, har ikkje vore på vanleg høyring fordi departementet meiner det er heilt klart at ei slik høyring må reknast som unødvendig.

Av lovtekniske grunnar blir det gjort framlegg om ei overskrift i straffegjennomføringslova § 7a. Straffegjennomføringslova § 7a bør ha overskrift på same måten som resten av paragrafane i lova. Departementet gjer framlegg om «Opplysningsplikt og innhenting av taushetsbelagte opplysninger» som overskrift. Formuleringa dekkjer i hovudsak innhaldet i føresegna.

Justisdepartementet sende 24. mars 2009 på høyring framlegg om endringar i forvaltningslova og straffegjennomføringslova med frist 24. juni 2009 til desse adressatane:

Finansdepartementet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet

Høgsterett

Lagmannsrettane

Tingrettane

Domstoladministrasjonen

Riksadvokaten

Statsadvokatembeta

Politidirektoratet

ØKOKRIM

Kriminalomsorgsregionane

Kriminalomsorgas IT-teneste (KITT)

Tilsynsråda for fengsla

Justissekretariata (nå Statens sivilrettsforvaltning)

Sekretariatet for konfliktråda

Regjeringsadvokaten

Sivilombodsmannen

Akademikerne

Bergen forsvarerforening

Det kriminalitetsførebyggjande rådet (KRÅD)

Datatilsynet

Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo

Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen

Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Tromsø

Politihøgskolen

Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS)

Den Norske Advokatforening

Den norske Dommerforening

Den Norske Fagpresses Forening

Fellesorganisasjonen (FO)

Foreningen for fangers pårørende (FFP)

Forum for ytringsfrihet

Forsvarergruppen av 1977

Hovudverneombodet for kriminalomsorga

Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede (UNIO)

Institutt for kriminologi og rettssosiologi

Juridisk rådgivning for kvinner (JURK)

Jusshjelpa i Nord-Norge

Juss-Buss

Jussformidlinga i Bergen

Kompetanseutvalet for dommarar

Kontoret for fri rettshjelp

Kriminalomsorgens Lederforbund

LO Stat

Medietilsynet

Norges Juristforbund

Norges Politilederlag

Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund (NFF)

Norsk forening for kriminalreform (KROM)

Norsk forum for Ytringsfrihet

Norsk Journalistlag

Norsk Presseforbund

Norsk Redaktørforening

Norsk Tjenestemannslag (NTL)

Norske kvinnelige juristers forening

Personvernnemda

Politijuristene

Politiets Fellesforbund

Politiets kriminalitetsførebyggjande forum

Rettspolitisk forening

Sosialtjenestemennenes landsforbund (STL)

Statsadvokatenes forening

Straffedes organisasjon i Norge (SON)

Stine Sofies Stiftelse

Støttesenteret for fornærmede i straffesaker

WayBack

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

Desse instansane har svart at dei ikkje har kommentarar eller ikkje ser nokon grunn til å uttale seg om framlegget:

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet

Høgsterett

Borgarting lagmannsrett

Domstoladministrasjonen

Statens sivilrettsforvaltning

Sekretariatet for konfliktråda

Ingen av dei høyringsinstansane som har uttalt seg, går imot framlegget om å regulere heimelsgrunnlaget for behandling av personopplysningar i kriminalomsorga i eit eige kapittel i straffegjennomføringslova. Men instansane har ulikt syn på utforminga av lovframlegget.

Fleirtalet av høyringsinstansane er positive til framlegget om klarere heimelsgrunnlag for innsyn i benådingssaker, men særleg interesseorganisasjonar for ulike medium åtvarar mot å tidsavgrense innsynsretten fordi dei meiner det kan vere med på å hole ut ordninga. Sivilombodsmannen meiner framlegget om innsyn ikkje fører til større openheit i benådingssaker slik Stortinget etterlyser. Datatilsynet skriv at personar som søkjer om benåding, bør ha sterkare vern enn tiltalte i straffesaker fordi benåding byggjer på søknad frå ein domfelt. KROM tek klart avstand frå reglar om innsyn i benådingssaker. Foreininga grunngir dette med at domfelte som heilt eller delvis får benåding, er i ein særskilt sårbar situasjon der behovet for vern er ekstraordinært. Få har uttalt seg om resten av lovframlegga i høyringsnotatet.

Norsk senter for menneskerettar ved Universitetet i Oslo kjem berre med generelle kommentarar til høyringsnotatet i fråsegna si og går ikkje inn på dei konkrete framlegga. Senteret peiker blant anna på at forholdet mellom framlegga og menneskerettane ikkje er vurdert i høyringsnotatet.

Departementet kjem nærmare inn på kva høyringsinstansane meiner, ved behandlinga av kvart framlegg.

Ved vilkår om narkotikaprogram og program mot ruspåverka køyring kan kriminalomsorga bringe saka inn for retten med krav om orskurd eller dom etter straffelova 1902 § 54 nr. 1 og 2. På same måten som ved prøvelauslating (straffegjennomføringslova § 44 andre ledd) og samfunnsstraff (straffegjennomføringslova § 58 andre ledd) er det behov for uttrykkjeleg unnatak frå høvet til å klage på avgjerda i kriminalomsorga om å bringe saka inn for retten. Lovframlegget har ikkje vore på vanleg høyring fordi departementet meiner det er heilt klart at ei slik høyring må reknast som unødvendig.

Framlegget om konsekvensendring av straffegjennomføringslova § 44 fjerde ledd er ei nødvendig følgje av ei endring i § 44 andre ledd som blei vedteken ved lov 20. mai 2005 nr. 28. Etter endringa skal omgjeringar av dom på samfunnsstraff etter straffelova § 28 b første ledd bokstav a gjelde på same måten i saker om gjeninnsetjing for fullføring av reststraff etter prøvelauslating, jf. straffegjennomføringslova § 44 andre ledd. Dette inneber at retten skal avgjere slike omgjeringskrav ved dom og ikkje orskurd. Ved ein feil blei § 44 fjerde ledd ikkje endra på tilsvarande måte. Dette har skapt uvisse i praksis. Lovframlegget har ikkje vore på vanleg høyring fordi departementet meiner det er heilt klart at ei slik høyring må reknast som unødvendig.

Til forsida