8 Unnatak frå klage på avgjerder i kriminalomsorga etter straffelova § 54 nr. 1 og 2
Etter gjeldande rett er det høve til å klage på avgjerder i kriminalomsorga om å bringe brotssaker ved vilkårsdom med narkotikaprogram og program mot ruspåverka køyring inn for retten etter straffelova § 54 nr. 1 og 2. I straffegjennomføringslova § 7 f er det derimot gjort uttrykkjeleg unnatak frå høvet til å klage for saker kriminalomsorga bringar inn for retten etter straffegjennomføringslova § 44 andre ledd (prøvelauslating) og straffegjennomføringslova § 58 andre ledd (samfunnsstraff).
Slik departementet ser det, er det også heilt tydeleg behov for unnatak frå klageretten for saker etter straffelova § 54 nr. 1 og 2. Grunngivinga for eit slikt unnatak er den same som for saker om brot på særvilkår som er sette ved samfunnsstraff og prøvelauslating, som kriminalomsorga bringar inn for retten. I Ot.prp. nr. 5 (2000-2001) er unnataksregelen grunngitt slik:
«Da selve beslutningen om å fremme sak antas å være et enkeltvedtak er det behov for å kunne avskjære klageadgangen. Det vil være upraktisk og vil kunne føre til dobbeltbehandling om domfelte kunne klage i slike situasjoner. Forhørsretten vil likevel måtte ta standpunkt til begjæringen og foreta en bevisvurdering av om domfelte har brutt vilkårene for straffegjennomføringen.»
Departementet gjer etter dette framlegg om ei tilføying i straffegjennomføringslova § 7 bokstav f som heimlar unnatak frå klageretten for saker som kriminalomsorga kan bringe inn for retten etter straffelova § 54 nr. 1 og 2.