6 Teieplikt om forhold som påverkar tryggleiken
6.1 Gjeldande rett og høyringsnotatet
Etter straffegjennomføringslova § 7 bokstav h har alle som gjer teneste i kriminalomsorga, teieplikt om det som vedkomande i samband med tenesta får vite om forhold som knyter seg til tryggleiken i fengsla. Bakgrunnen for denne føresegna går fram av Ot.prp. nr. 5 (2000-2001) side 151-152:
«Unntaket i bokstav h er begrunnet av at det antas at forvaltningslovens taushetspliktbestemmelser ikke omfatter opplysninger om sikkerhetsmessige forhold i fengslene. Sikkerhetsmessige forhold i fengslene er et vidt begrep, men det vil i praksis først og fremst dreie seg om opplysninger om tekniske innretninger som overvåkingskameraer mv eller bygningsmessige forhold. Det kan også dreie seg om sikkerhetsrutiner.»
Etter ordlyden omfattar teieplikta berre forhold som er knytte til tryggleiken i fengsla, og ikkje slike forhold som knyter seg til gjennomføring av straff utanfor fengsel. Teieplikta gjeld såleis ikkje forhold som er knytte til tryggleiken ved for eksempel straffegjennomføring med elektronisk kontroll.
I høyringsnotatet gjer departementet framlegg om at reglane om teieplikt i § 7 bokstav h også skal omfatte rutinar for tryggleiken ved gjennomføring av straff utanfor fengsla. Domfelte gjennomfører for eksempel straff med elektronisk kontroll utanfor fengsel, og straffegjennomføringa inneber bruk av tekniske innretningar. Slik departementet ser det, er det viktig at tekniske system og rutinar ved kontrollen ikkje blir kjende av andre enn dei som skal ha slik kunnskap for å gjennomføre straffa. Jamvel om ein ved samfunnsstraff ikkje nyttar tekniske innretningar i same grad, finst det somme rutinar som gjeld forhold knytte til tryggleiken, som ikkje må delast med utanforståande.
I høyringsnotatet gjer departementet derfor framlegg om å endre § 7 bokstav h slik at alle som gjer teneste i kriminalomsorga, har teieplikt om forhold knytte til tryggleiken uavhengig av om straffa blir gjennomført i eller utanfor fengsel.
6.2 Synet til høyringsinstansane
Dei høyringsinstansane som har uttalt seg, støttar framlegget om at kriminalomsorga bør ha teieplikt om forhold som knyter seg til tryggleiken, også dersom straffa blir gjennomført utanfor fengsel. Dette er Riksadvokaten, Kriminalomsorga region aust, sørvest, sør og nordaust, Politihøgskolen, Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund, Fellesorganisasjonen og KROM. Men kriminalomsorga region sør og nordaust og Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund har tilleggskommentarar til framlegget:
Kriminalomsorga region sør meiner det er viktig å presisere at teieplikta også bør gjelde for oppdragstakarar i kriminalomsorga, for eksempel leverandørar av teknisk utstyr, samarbeidspartnarar, handverkarar og fleire.
Kriminalomsorga region nordaust reknar med at orda «om forhold av betydning for sikkerheten» bør knytast opp mot føresegna om bruksområdet for lova i § 1. Regionen gjer framlegg om at dette blir gjort, for å unngå slike mistydingar som at teieplikta også omfattar opplysningar som kan påverke tryggleiken til utanforstående personar og/eller institusjonar.
Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund synest det blir for mykje tale om fengsel i framlegget, og gjer i staden framlegg om denne formuleringa: «Enhver som gjør tjeneste i kriminalomsorgen, har taushetsplikt om det vedkommende i tjenesten får vite om av sikkerhetsmessige forhold.»
Stine Sofies Stiftelse peiker på at teieplikta ikkje må vere til hinder for at den fornærma og dei pårørande/etterlatne blir varsla om informasjon som påverkar situasjonen for dei.
6.3 Vurderingane til departementet
Departementet sluttar seg i hovudsak til framlegget i høyringsnotatet. I tråd med fråsegna frå Kriminalomsorga region nordaust er det likevel behov for å presisere framlegget, og departementet gjer framlegg om denne ordlyden (endring i kursiv):
(...) om forhold av betydning for sikkerheten i fengslene og i forbindelse med gjennomføringen av straff utenfor fengslene.
Kriminalomsorga region sør vil lovfeste at teieplikta femner vidare enn til dei tilsette i kriminalomsorga og nemner eksempel på aktuelle grupper. Departementet er einig og gjer framlegg som presiserar at teieplikta òg gjeld enhver som er tilsatt i eller utfører teneste eller arbeid for kriminalomsorga.
Stine Sofies Stiftelse peiker på at teieplikta ikkje må vere til hinder for at den fornærma og dei pårørande og etterlatne blir varsla om informasjon som kan påverke situasjonen for dei. Departementet legg til grunn at dei fornærma og etterlatne ikkje bør få - og ikkje har behov for - opplysningar om for eksempel tryggleiksrutinar, bygningsforhold eller tekniske innretningar som overvakingskamera o.a. Etter straffegjennomføringslova § 7 bokstav i er teieplikta ikkje til hinder for at kriminalomsorga gir slike opplysningar som er nemnde i § 16 sjette ledd, § 20 andre ledd, § 36 tredje ledd, § 40 siste ledd, § 42 sjuaende og åttande ledd og straffelova § 39 g femte ledd, til den fornærma i straffesaka eller til dei etterlatne. Departementet reknar med at denne føresegna i hovudsak dekkjer det behovet pårørande og etterlatne har for informasjon om den domfelte under straffegjennomføringa.