1 Innleiing
I Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 er det lagt til grunn ei trinnvis utbygging og utbetring av E6 på Helgeland til samanhengande god og einsarta standard. Prosjektet er ei samla utbyggingspakke og føresett gjennomført i tre delar: E6 Helgeland nord, Helgeland sør og Brattås – Lien. Regjeringa Stoltenberg la i oktober 2013 fram eit forslag til utbygging og finansiering av E6 på Helgeland, jf. Prop. 201 S (2012–2013). Forslaget innebar at E6 Helgeland nord skulle finansierast med 63 pst. statlege midlar og 37 pst. bompengar. Den nye regjeringa ønskte å foreta ein ny gjennomgang av prosjektet og trekte derfor tilbake proposisjonen, jf. Meld. St. 18 (2013–2014).
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram eit revidert forslag til utbygging og finansiering av E6 mellom Korgen i Hemnes kommune og Bolna i Rana kommune (E6 Helgeland nord). Forslaget inneber mellom anna at den statlege ramma til prosjektet er auka med 300 mill. kr samanlikna med Meld. St. 26 (2012–2013). I tillegg legg departementet fram eit førebels opplegg for utbygging og finansiering av E6 på heile strekninga frå Nord-Trøndelag grense til Bolna.
E6 er det viktigaste vegsambandet mellom Nord- og Sør-Noreg. I tillegg er E6 hovudferdselsåra på Helgeland. Vegen er derfor viktig for næringslivet i området, både for oppdrettsnæringa, fiskeindustrien, oljeverksemda og turistnæringa. E6 på Helgeland har låg standard og er prega av forfall. I tillegg er den utsett for ulykker. Formålet med utbygginga er å få ein jamn og god standard på heile strekninga. Det er lagt opp til anleggsstart for E6 Helgeland nord hausten 2014. For E6 Helgeland sør (Nord-Trøndelag grense – Korgen) og E6 Brattås – Lien ligg det enno ikkje føre vedtekne reguleringsplanar. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til opplegg for finansiering og utbygging av desse strekningane når det ligg føre tilstrekkelege avklaringar.